Helsestasjon 0-5 år

Helsestasjonstjenesten for barn 0-5 år og familien deira er et gratis tilbud til alle spedbarn og småbarn i Åmli. Helsesjukepleiar, jordmor, lege og fysioterapeut jobber på helsestasjonen.

Det er ei stor hending å få barn. Gratulerer!

Me på helsestasjonen vil gjerne vere rettleiaren dykkar kring barnet sin vekst, trivsel og samspel med omgivnaden. Oppgåva vår er førebyggande arbeid med vekt på ressursane i familien og i nærmiljøet. Me ynskjer at det skal vere låg terskel for å kontakte oss. Personalet som er knytta til helsestasjonen består av helsesøster, lege, jordmor, fysioterapeut og sekretær. Me har alle teieplikt. Helsestasjonen har samarbeid med andre etater.

Om barnet ditt er sjukt, skal det ikkje kome på helsestasjonen utan spesiell avtale! Dette for å unngå smittespreiing.

Vi tilbyr:

  • Heimebesøk (til nyfødte og andre ved behov)
  • Helseundersøkelser med individuelle konsultasjoner og barselgruppe
  • Oppfølging av barn med spesielle behov
  • Fysioterapi til barn på faste tidspunkt.
  • Ammeveiledning
  • Ulike spørsmål om fysisk og psykisk helse
  • Syn- og hørselstest
  • Vaksinasjon ut frå det norske barnevaksinasjonsprogrammet www.fhi.no
  • Rettleiing om kost, søvn, motorikk, trivsel, språk, vekst og utvikling
  • Rettleiing om samspel og spørsmål knytta til foreldrerolla, barn- ungdom
  • Rettleiing til nytilflytta, også flyktningar og andre innvandrarar.
  • Smittevern (tuberkulose)
  • Undervisning

Ta kontakt med oss for smått eller stort. Vi er her for deg og barnet ditt.

Slik følger vi opp barnet ditt

Program for helsestasjonen
AlderKva gjer helsestasjonen?
NyfødtHeimebesøk av jordmor og helsesjukepleiar
4 ukerHelsestasjon med helsesjukepleiar
6 ukerHelsestasjon med helsesjukepleiar og lege. Vaksinasjon
2 mndHelsestasjon med fysioterapeut
3 mndHelsestasjon med helsesjukepleiar. Vaksinasjon
4 mndHelsestasjon med helsesjukepleiar
5 mndHelsestasjon med helsesjukepleiar. Vaksinasjon
6 mndHelsestasjon med helsesjukepleiar og lege
8 mndHelsestasjon med helsesjukepleiar
10 mndHelsestasjon med helsesjukepleiar
1 årHelsestasjon med helsesjukepleiar og lege. Vaksinasjon
15 mndHelsestasjon med helsesjukepleiar. Vaksinasjon
18 mndHelsestasjonsgruppe med helsesjukepleiar og fysioterapeut
2 årHelsestasjon med helsesjukepleiar og lege
4 årHelsestasjon med helsesjukepleiar

Kor finn du oss?

Helsestasjonen held til i Gata 19, rett ved sida av legekontoret. Her er oppfølging av barn opp til skulealder, jordmortjeneste og helsestasjon for ungdom.

Opningstid

Mandag: Stengt
Tirsdag: 08.00 – 14.00
Onsdag: Stengt
Torsdag: 08.30 – 14.00
Fredag: 08.30 - 14.00