Symjehall - fellesbading

Symjehallen er på Åmli skule.

  • Symjebassenget er 12,5 meter langt og 8,5 meter bredt. På det grunnaste er det 90 cm djupt, og på det djupaste 170 cm.
  • Vatnet held 34 grader på måndagar og 28 grader på fredagar.
  • Det er felles badstoge.
  • Symjehallen er open for alle, til regulerte tider. 
  • Symjehallen er open frå etter haustferien og ut april.

NB: Symjehallen er stengt frå mai til etter skulen sin haustferie, og stengt i skulen sin juleferie og påskeferie.

Opningstider fellesbad

Opningstider fellesbad
DagTidsromFor kven
Måndag16:30-17:30Barn t.o.m. 4. klasse i følge med vaksen
Måndag17:30-18:30Åpent for alle. Barn t.o.m. 4. klasse må ha følge med vaksen
Fredag17:00-18:00Barn t.o.m. 4. klasse i følge med vaksen
Fredag18:00-19:30Åpent for alle. Barn t.o.m. 4. klasse må ha følge med vaksen
Fredag19:30-21:00Vaksne (over 16 år)

Prisar:

Vaksne kr 50,-
Barn kr 30,-

Sal av billettar vil vere via vipps og kontantbetaling.
Kode for vipps heng på begge garderobedørene og på dør inn til bassenget.

Kontakt badevakt

Fasttelefon betjent i opningstida: 48 19 57 85

Øvrig organisert bruk av symjehallen

Øvrig organisert bruk av symjehallen
Lag/foreningMåndagTysdagOnsdagTorsdag
Babysvømming v/kommunefysioterapeut Stephanie G. Holst14:05-15:00
Habilitering og ressurs (Timmerodden) v/Karina Halvorsen19:00-20:30
Åmli Fysioterapi og trening v/Merete Fogh Lund15:00-16:30
Ansatte Åmli kommune v/Trine Agersborg17:00-20:0016:00-17:00 og 19:00-21:00
Åmli kommune fysioterapi v/Åsta Mattingsal14:00-15:00
Dølemo IL v/Eivind Baas17:30-19:00
Åmli kommune Timmerodden15:00-17:00
Mykland IL v/ Henning Kile Gyenese17:00-21:00