KommuneTV

Du kan sjå alle våre kommunestyremøte direkte via "KommuneTV". 
Eller du kan sjå dei i opptak etter møta. 

Åmli kommuneTV

Du finn innkalling og alle saksdokument til møta, og protokoll etter møta, her: Møtedokument

Dersom det er orienteringar i kommunestyremøtet, og vi har mottatt underlag (foiler) til desse i forkant, blir dette lagt ut i sendinga.

I opptak er sendinga redigert slik at alle pauser er tatt bort, og det er laga bokmerker på kvar sak, slik at du kan velge å sjå heile sendinga i ett, eller hoppe frå sak til sak. 
Når vi sender direkte vil du sjå bokmerkene då også, men du kan berre følge sendinga slik den går. Opptak blir vanlegvis publisert dagen etter møtet. 

I opptak vil sendingene frå mai 2025 være teksta. Tekstinga genererast automatisk ved hjelp av KI, og vil difor innehalde litt feil og manglar, men likevel være god nok til å være eit supplement. Du slår teksting på ved å trykke på CC nede til høgre i sendinga.

Frå august 2025 vil det også være lagt til eit tredje kamera i sendingene, der du kan følge presentasjonar som visast på storskjerm.
 

Møter der kommuneTV ikkje blei nytta:


Ekstraordinært kommunestyremøte via Teams 27. juni 2024

Opptak er publisert på vår facebook: https://fb.watch/t2imOzM7TH/ 
Sak: “Reduksjon av timetall 1. - 4. trinn”
 

Kommunestyremøte via Teams 20. mai 2021

Saksliste, og tidspunkt i sendinga der kvar sak starter, finn du i tabellen under sendinga.

Saksliste K 2005.2021 - Teamsmøte
SaksnrTittelStarttidspunkt
Informasjon, opprop, godkjenninger, referatsaker og delegerte vedtak00:00
21/21Høringsinnspill fra Åmli kommune til tannhelsestrategi 2021-2505:09
21/22Økt behov for legeressurs ved Åmli legekontor15:05
21/23Godkjenning av rekneskapen for Åmli kommune 202036:15
21/24Godkjenning av Åmli kommune sin årsmelding 202051:06

Kommunestyremøte via Teams 28. januar og 18. februar 2021

28.01.2021 hadde vi eit ekstraordinært kommunestyremøte via Teams. Dette blei ikkje tatt opp.

18.02.2021 hadde vi kommunestyremøte via Teams, som skulle blitt direktesendt og publisert i opptak via kommuneTV-løysinga. Diverre fekk vi tekniske problem med denne sendinga, så vi har berre opptak av Teams-møtet. Opptak blei starta litt seint, ikkje før midt i første politiske sak. Opptaket er ikkje klippa, så pauser og gruppemøte er med.

Saksliste, og tidspunkt i sendinga der kvar sak starter, finn du i tabellen under sendinga.

Saksliste K 18.02.2021 - Teamsmøte
SaksnrTittelStarttidspunkt
21/2Salg av næringstomt på Hegna til Multicom AS og TT ByggStarter midt i denne saken
21/3Trafikksikringsplan for Åmli kommune 2020-2023 - Til behandling i kommunestyret2:40
21/4Rekruttering av og godtgjøring til helsepersonell som er fast tilsett i pleie og omsorg11:55
21/5Åmli kommune - høringsuttale til Strategiplan 2021 - 2024 for Sørlandet Sykehus HF18:33
Pause20:33 - 23:53
21/6Revisjon av retningslinjer for Åmli ungdomsråd24:40
21/7Lovlighetskontroll av vedtatte vedtekter for SFO30:04
21/8Ny selskapsavtale - Aust-Agder Revisjon IKS1:02:25
21/9Valgkretser i Åmli kommune1:04:31 - Gruppemøte 1:26:42-1:38:30
Meldinger2:02:54
Orientering / spørsmål og svar2:03:26