Tidleg innsats - Trygg oppvekst

Kvifor tidleg innsats?

Åmli kommune har over tid hatt høge tal på barn som veks opp i hushald med vedvarande låg inntekt. På bakgrunn av dette starta kommunen  prosjektet «Tidlig innsats – Trygg oppvekst» for å sjå på moglege tiltak for å betre barn og unges levekår.

Prosjektet har sidan 2015 fått midlar av Barne- Ungdoms- og Familiedirektoratet gjennom «nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom» samt skjønnsmidlar frå Fylkesmannen.

Strategiplanen «bedre levekår blant barn og unge i Åmli kommune» ble lagt frem og tatt til orientering i kommunestyret som løyva prosjektet kr. 100 000 i 2017 og kr. 200.000 i 2018.


Strategiplanen legg frem fleire langsiktige og kortsiktige tiltak i Åmli kommune som prosjektgruppa planlegg, koordinerer og gjennomfører. Tiltaka skal så langt det går vere universelle og bidra til at fleire barn og unge i kommunen vår får moglegheit til å delta på fritidsaktiviteter på lik linje med resten av samfunnet der dei kan oppleva mestring og utvikle ferdigheitar i lag med andre barn.
 

Aktivitetstilbod

Gratis fritidsaktivitet

Sidan vinteren 2017 har Åmli kommune tilbydd skulebarn i ulike aldersgrupper ein gratis fritidsaktivitet. Søknadsskjema med ein oversikt over aktivitetstilbodet i kommunen blir delt ut rundt skulestart der barna sjølv får ønskje seg ein aktivitet som kommunen betaler.

Les meir om gratis fritidsaktivitet

Kulturkarusellen

Vidare har prosjektet, i samarbeid med kulturskulen, oppretta «kulturkarusellen» som gir dei minste barna ein smakebit på faga kulturskolen har å by på onsdag etter skuletid. Også her opnar kommunen for søknader frå gjeldande aldersgruppe rundt skulestart. 

Utstyrsbank

Det har i tillegg blitt oppretta ein utstyrsbank med gratis utlån av blant anna ski og syklar. Utstyrsbanken ligg på Åmli skule og er open heile året.


Leirar/aktiviteter

Åmli kommune har inngått eit samarbeid med KilandSenteret og FUN 365-prosjektet som tilbyr leirar og aktivitetar i helger og ferier for barn, unge og familiar i Åmli.

Kilandssenteret si nettside

Det leggas ut informasjon om leirer og aktivitetar kontinuerlig gjennom året på kommunens facebook.

Kontaktinformasjon

Solfrid Borgen
BTI-koordinator
E-post
Telefon 37 18 52 77