Norskkurs

Kva tilbyr vi?

Åmli Vaksenopplæring tilbyr ikkje norskkurs. Kommunen kjøper tenesta frå andre kommunar. Du som har rett og plikt til norskopplæring, kontaktar rektor ved Åmli Vaksenopplæring for vider informasjon om tilbod av tenester slik at kommunen kan finne den beste løysinga for deg.

Litt om dei ulike spora:

Spor 1:

Er lagt til rette for deltakarar som har liten eller ingen skulegang.
Her lærer ein alfabetet, og det er mykje munnleg opplæring. Ein legg og vekt på lese- og skrivetrening.

Spor 2:

Er lagt til rette for deltakarar som har ein viss skulegang.
Målet for opplæringa er at ein skal nå eit språklig nivå slik at ein kan fullføre grunnskulen, begynne på vidaregåande opplæring eller kome ut i arbeidslivet.

Spor 3:

Er lagt til rette for deltakarar som har god allmennutdanning.
Ein har avslutta utdanning på høgare nivå i heimlandet. Ein er vant til å tileigne seg kunnskap gjennom bøker, og har lært eitt eller fleire framandspråk på skulen.
Målet på SPOR 3 er at deltakarane skal nå eit norskspråkleg nivå som gjer det mogleg å ta høgare utdanning, eller gå ut i akademiske yrke.

Skulen legg undervisninga til rette for den enkelte eleven, tilpassa hans/hennar individuelle nivå. I tillegg til teori, har vi turar og ekskursjonar.

For elevar som deltek på introduksjonsprogrammet, er det obligatorisk med språkpraksis i ei bedrift eller ein annan tilrettelagt arbeidspraksis.

Grunnskule:

Grunnskuleopplæring for vaksne er for deg som ikkje har fullført grunnskuleløpet tidlegare.

Åmli vaksenopplæring tilbyr ikkje grunnskoleopplæring. Kommunen er likevel pliktig til å tilby grunnskuleopplæring for vaksne, både norskfødde og utanlandske, som ikkje har fullført grunnskuleløpet tidlegare. Denne tenesta kjøper kommunen frå andre kommunar dersom ikkje særskilde grunnar ligg føre.

Besøksadresse

Rådhuset: Gata 5, 4865 Åmli

Kontaktinformasjon

Siv Turid Eppeland
Rektor Åmli voksenopplæring, flyktningekoordinator, barnehagemyndighet , barnekoordinator
E-post
Telefon 47 39 19 90
Mobil 47 39 19 90