Påvising av eigedomsgrenserDersom grensemerka for ein tidlegare oppmålt og koordinatbestemt grense er borte, kan du bestille ny grensepåvising. Dersom det er uklart kor ei eksisterande grense mellom to eigedomar går, kan grensa klarleggast ved ei oppmålingsforretning. Slik søker du Ta ut eit situasjonskart og merk på kartet dei grensepunkta som ønskes påvist. Situasjonskart kan du få på oppmålingskontoret, eller du kan ta ut vedlegg sjølv, frå ein av desse kartløysingane: Kommunekart Gårdskart Fyll ut skjema for rekvisisjon for oppmålingsforretning, og legg ved kartet. Skjema for rekvisisjon for oppmålingsforretning Søknad sendast til Epost: post@amli.kommune.no Posten: Åmli kommune, Gata 5, 4865 Åmli Kva kostar det? Publisert 14.09.2018 10:49 Sist endra 23.01.2023 13:43