Kulturtimen på ÅPOS

Den kulturelle spaserstokken er ei statleg ordning for å sikre eldre tilrettelagte kunst- og kulturopplevingar av høg kvalitet. Midlane blir  forvalta av fylkeskommunen, som utbetalar kommunen ein årleg sum fastsett ut frå folketal.

Aust-Agder Fylkeskommune – Den kulturelle spaserstokken

I Åmli kommune er den kulturelle spaserstokken organisert som Kulturtimen på Åpos. Her er det ein gong i månaden konsertar og førestillingar med profesjonelle og lokale artistar, tysdagar kl. 17.00-18.00. Det er gratis inngang, kake og kaffi. Arrangementet er ope for alle.
Kulturtimen på Åpos organiser i samabeid mellom Åmli kommune og Åmli frivillingsentral.

Dei enkelte arrangementa blir annonsert på kommunens facebookside og i ÅmliAvisa.

Kontaktinformasjon

Arnar Vågen
Kulturskulerektor/kulturskulelærar
E-post
Telefon 95 05 87 70
Mobil 95 05 87 70