Frisklivssentralen

Vil du ha hjelp til betre form, betre kosthald eller snus- og røykeslutt, kan frisklivssentralen vere noko for deg. Du kan få rettleiing for å leve betre med kroniske plager og sjukdom.

Frisklivssentralen er ein helsefremmjande og førebyggjande kommunal helseteneste for deg som har behov for endringar i levevanar innan fysisk aktivitet, kosthald og tobakk. Fastlegen, anna helsepersonell eller Nav kan gje deg ei tilvising, eller du kan sjølv ta kontakt.

Frisklivssentralen kan hjelpe deg å setje konkrete mål, finne fram til aktiviteter og tilbod som passer for deg, og gje deg støtte til å gjennomføre det du har planlagt. Rettleing og oppfølgjing går føre seg individuelt og i grupper og tek utgangspunkt i dine behov og det du ynskjer å oppnå.

God helse handlar om meir enn å ha riktig kosthald og trene ofte.
Det handlar og om å ha eit godt og aktivt liv med sosiale relasjonar, tryggleik, og eit godt sjølvbilete. Det er opp til kvar enkelt sjølv å vurdere kva som er viktigast for eigenopplevd helse.

Frisklivstilbud

  • Oppstartsamtale/motivasjonssamtalar: Samtalane er tilpassa individuelt og tek utgangspunkt i dine mål, erfaringar og føresetnader.
  • Aktiv ute: Trening med strikk og stavar. Onsdagar 14:00-15:00
  • Bevegelse og avspenning: Gruppetrening med øvelsar for kroppsbevisstheit, balanse og oppmerksomt nærvær. Torsdagar 14:15-15:30
  • Bassengtrening i varmtvannsbasseng (frå veke 41). Måndagar 14:45-15:45
  • KOLS-gruppe: Måndagar og fredagar 11:00-12:30. Kolsgruppa har oppfylgjing av Merete v/Åmli fysioterapi & trening AS

Oppfylgjing inn til eit år.

I tillegg kan vi tilby kurs i

  • Bra Mat. Dette er eit inspirasjonskurs som er både praktisk og teoretisk. Kurset går over fem samlingar og byggjer på Helsedirektoratets anbefalingar for ernæring og fysisk aktivitet.
  • Snus- og røykeslutt. Støtte til snus og røykeslutt gjennom individuelle samtalar og snus- og røykesluttkurs.
  • KID kurs. Depresjonsmestring. Kurset er lagt opp som undervisning retta mot å endre tanke- og handlingsmønstre.
  • Endringskurs. Eit tilbod for støtte, refleksjon, struktur og læring i ein endringsprosess. Tema ein er innom er endring, mål og planar, motivasjon, stress og fysisk aktivitet. Dette vil og vere en plass der ein kan utveksle erfaringar.   

Kva kostar det?

Oppfylgjing frå Frisklivssentralen er gratis, men dei fleste av gruppetilboda har ein mindre eigenandel.

E-post: Frisklivssentralen@amli.kommune.no 

Kontaktinformasjon

Randi Skogly
Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 900 55 737
Mobil 900 55 737

Kontorstad: Rådhuset (torsdag)

Åshild Haugrønning Holm
Kommunefysioterapeut
E-post
Telefon 37 18 51 26
Mobil 992 11 758