Kva tilbyr vi?
Vi tilbyr middag med dessert levert til heimen kvar onsdag.
Det er Frivilligsentralen som køyrer maten ut.
Kva kan du forvente av oss?
- Varm og velsmakande mat
- Levering til avtalt tid og stad
- Levering vil starte næraste onsdag etter avtalen er gjort
Kven kan få tilbodet?
- Eldre og andre som, etter vurdering av heimesjukepleia, ikkje klarer den daglige matlaginga sjølv.
- Du må bu nærare Åmli pleie og omsorgssenter enn 12 kilometer. Dette er i henhold til Næringsmiddeltilsynet sine reglar, og for å klare å halde maten varm.
Korleis går du fram for å søke?
Du må ta kontakt med heimesjukepleia.
Dei vurderer om du har behov for å få middag brakt ut, og sørger i så fall for avtale om dette.
Kva kostar det?
Full porsjon: kr 79,-
Halv porsjon: kr 50,-
Korleis avbestiller du eit måltid?
Vil du avbestille matlevering for ein dag, må du gjere det seinast klokka 10:00.
Du avbestiller ved å ringe kjøkkenet.