Demensteam/hukommelsesteam

Kva tilbyr vi?

Demensteamet skal sikre at personar med demens og deira pårørande får god utredning, oppfølging og eit godt tilpassa tenestetilbod. Alle som har bekymring knytt til demens, enten for eigen del, som pårørande eller som hjelpepersonell, kan gjerne ta kontakt med oss.

Våre arbeidsoppgåver

  • Vi utfører heimebesøk med fokus på kartlegging og utredning av diagnose og hjelpebehov
  • Vi gir råd og rettleiing knytt til diagnose og oppfølging og behandling til brukarar og pårørande
  • Vi har oversikt over relevante tilbod og tenester i kommunen og i spesialisthelsetenesta
  • Vi gir støtte og rettleiing til pasientar og pårørande

Vi samarbeider med fastlegar, institusjonar og heimetenester m.fl.

Kommunen har dagsenter for demente.

Kven kan få tilbudet?

Alle som har bekymring knytta til demens, enten for eigen del, som pårørande eller som hjelpepersonell, kan gjerne ta kontakt med oss. 

Pårørandeskule

Pårørandeskulen er eit kurstilbud til deg som har eit familiemedlem eller ein ven med demenssjukdom.

Les om pårørandeskulen og aktuelle kurs 

Nettsider og app

App: "Kunnskap om demens".

Dette er ein gratis app som er laga av Aldring og helse. Den inneheld kunnskap, tips og gode råd for fagpersonar og pårørande. Appen kan hentast til iPhone og iPad fra Appstore og til Android-telefonar frå Google Play. 

Meir informasjon om appen

Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse

Nettside

Demenslinje

Demenslinjen - Tlf: 23 12 00 40 ( Fagfolk demens (nasjonalforeningen.no) )
Nasjonalforeningen for folkehelsen har oppretta ei demenslinje som er eit tilbod som er åpent for alle med spørsmål om demens. Her får du viktig informasjon om behandling og omsorg for demente og deira pårørande.

Helsenorge (Demens - helsenorge.no)

På www.helsenorge.no får du råd om korleis du som pårørande kan snakke om demens med den det gjeld.
Du finn og informasjon og råd om symptom, forebygging og hjelpetilbod til pårørande og personar med demens.
Du får og vite meir om rettighetar og samtykkekompetanse.

Kontaktinformasjon

Nina Birgithe Saga
Ergoterapeut
E-post
Telefon 913 85 824
Mobil 913 85 824
Brit Tove Båsland Støylen
Syn- og hørselkontakt
E-post
Telefon 975 31 647
Mobil 975 31 647