Introduksjons programmet

Kven har ansvar for introduksjonsprogrammet?

I Åmli kommune er det flyktningekoordinator under Oppvekst som har ansvaret for Introduksjonsprogrammet for nye flyktningar.

Programmet leggas til rette for personar som har behov for grunnleggande kvalifisering. Introduksjonsprogrammet skal gi:

  • Kunnskap i norsk
  • Innsikt i norsk samfunnsliv
  • Førebuing for yrkeslivet

Om introduksjonsprogrammet

Kven skal inn i programmet?

Alle nye flyktningar som bur i Åmli kommune og som er mellom 18 og 55 år, skal delta i introduksjonsprogrammet.
Rett og plikt til deltaking i introduksjonsprogrammet gjeld berre for personar som bur i kommunen og der det er inngått avtale mellom utlendingsmyndigheita og kommunen.

Introduksjonsprogrammet gjeld ikkje for nordiske borgarar og utlendingar som er omfatta av EØS-avtalen.

Kor lenge varar programmet?

Introduksjonsprogrammet kan vare inntil to år, med tillegg av godkjent permisjon. Ved særskilt behov kan det utvidas til tre år.
Programmet er på fulltid (37,5 timer per veke) og heilårig (5 veker ferie per år).

Innhold i programmet

Norskgruppe

Det er vaksenopplæringa i Åmli som har ansvar for undervisninga.
Norskundervisninga skjer i grupper inndelt etter språkkunnskapen til den einskilte.

Undervisninga skjer tre dagar per veke frå klokka 08:30 til 14:00 torsdag og fredag. Onsdag er undervisningstida kl. 08:30-15:00. Undervisninga gjeng føre seg på Tvedestrand og Åmli vgs., avd. Åmli.

Grunnskuleopplæring

Grunnskule for vaksne tilbys Intro-deltakarar med behov for kvalifisering. Grunnskuleløpet kan variere frå eitt til fire år, avhengig av tidlegare skulegang og den enkeltes utvikling og framgang. Åmli kommune tilbyr ikkje grunnskuleopplæring. Kommunen kjøper tenester frå nabokommunane etter behov.

Språkpraksis

Alle deltakarar i programmet skal bli kjent med lokalt arbeidsliv, bygge nettverk og skaffe attestar og referansar som vil auke sjansen for betalt arbeid på heil- eller deltid. Innan 6 månader etter busetting skal deltakarar vere i språkpraksis i ein bedrift (her tek ein individuelle omsyn). I tillegg er deltakarane i praksis når skulen har ferie.

Intro-deltakarar har språkpraksis på måndag og tysdag. Flyktningekoordinator finn språkpraksisplassar og lærarane på vaksenopplæringa fylgjer opp i bedriftene.

Kurs i samfunnskunnskap

Alle deltakarar i programmet må gjennomføre 50 timar samfunnsfag. Undervisninga er på norsk med tolk tilstades.

Plikter i programmet

  • Deltakar følgjer reglement for introduksjonsprogrammet og skulen
  • Deltakar er med og utarbeider sin individuelle plan og tek ansvar for dette
  • Deltakar syner aktivitet og interesse i opplæringa/gjennomføringa av individuell plan
  • Deltakar gjennomfører språktrening i bedrift. 

Rettigheiter i programmet

  • Oppfølgjing og vegleiing av flyktningekoordinator og lærar
  • Ein individuell plan for aktivitetar og tiltak i Introduksjonsprogrammet
  • Utbetaling av introduksjonsstønad den 11. i kvar månad 
  • Erfaring frå ulike yrke og bransjar gjennom praksis
  • Karrierevegleiing
  • Miljø som er prega av tryggleik og trivsel

Introduksjonsstønad

Stønaden blir fastsett på grunnlag av folketrygdas grunnbeløp (G) x 2 på årsbasis og blir indeksregulert 1. mai kvart år. Deltakarane i aldersgruppa 18-25 år får utbetalt (G) x 11/2

Introduksjonsstønad utbetalast den 11. i kvar måned.

Ferie og fravær

Deltakarane har fem veker ferie per år. Det er flyktningekoordinator som fastsett ferievekene. Ferien tas i samband med norsk juleferie og påskeferie, og delar av sommarferien til skulen.

Ugyldig fråvær gir trekk i stønad og kan føre til midlertidig eller fast stans av programmet.

Lov

Introduksjonslova ligg til grunn for arbeidet med  å styrke nye innvandrarar si deltaking i yrkes- og samfunnslivet, og deira økonomiske sjølvstende.

Lov om Introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrarar 

Besøksadresse

Rådhuset: Gata 5, 4865 Åmli

Kontaktinformasjon

Siv Turid Eppeland
Flyktningekoordinator/rektor vaksenopplæring
E-post
Telefon 37 18 52 21
Mobil 473 91 990