Borgarleg vigsel

Frå 1. januar 2018 overtok kommunen ansvaret for borgarleg vigsel. 

Kven kan gifte seg hos oss?

Alle som ønsker det kan gifte seg ved borgarleg vigsel i Åmli kommune. 

Vilkår for å gifte seg

For å inngå ekteskap i Norge, må staten først undersøke om de har lov til å gifte dykk. Det vil sei at dei skal kontrollere at dei som skal gifte seg oppfyller alle vilkår i ekteskapslova. Det er folkeregistermyndigheten (skattekontoret) som prøver om ekteskapsvilkåra. Dersom vilkåra for ekteskap er oppfylt, sender folkeregistermyndigheten ein prøvingsattest.

Nødvendig informasjon og søknadsskjema

Prøvingsattesten frå folkeregistermyndigheten er berre gyldig i fire månader. Det er eit krav etter ekteskapslova at prøvingsattesten må være gyldig den dagen ein inngår ekteskap. 

Paret som skal inngå ekteskap er sjølv ansvarleg for å søke om prøvingsattest.

Frå juni 2018 er det og mogleg å foreta denne prøvinga elektronisk.

Elektronisk søknad om prøvingsattest

Korleis bestiller vi vigsel?

Når prøvingsattesten er mottatt kan brudeparet ta kontakt med kommunen for å avtale tidspunkt for vigselen. Ta kontakt minst tre veker før ønska vigselsdato.

Det er Informasjonssenteret i rådhuset som tek i mot slike henvendelsar. Vi skriv eigen avtale for detaljene rundt vigselen. Brudeparet kan kome med ønske om dato for vigsel, og gjerne legge fram alternative tidspunkt. Brudeparet kan og ønske seg vigslar. Informasjonssenteret avklarar så kven som skal være vigslar og avtaler tidspunkt med denne.

Brudeparet får så tilbakemelding på fastsett vigslar og tidspunkt

Gyldig legitimasjon

Gyldig legitimasjon er gyldig pass eller norske førerkort og bankkort med bilde og personnummer. Asylsøkerbevis godtas ikkje som legitimasjon.

Sende eller levere papira

Kopi av legitimasjon og prøvingsattest må sendast/leverast kommunen seinast senest to veker før ønska vigselsdato.

  • Dersom du sender i posten bruker du adresse: Åmli kommune, Gata 5, 4865 Åmli.
  • Dokumenta kan og leverst til informasjonssenteret i rådhuset.

Kven utfører vigselen?

I Åmli kommune har følgjande personar vigselsmyndighet:

  • Ordførar Reidar Saga
  • Varaordførar Margit Smeland
  • Rådmann Christina Ødegård

Kor kan vigselen foregå?

Kommunen tilbyr kommunestyresalen eller ordførar sitt kontor til ritualet. Dersom du har andre ønske avtalar du det med kommunen når du skriv avtale. 

Kva kostar det?

  • Tilbodet er gratis så lenge du vil gifte deg i lokala kommunen tilbyr og i vår opningstid.
  • Dersom du har ønskje om anna lokale/pynt enn det kommunen tilbyr, eller andre ting (musikk, diktlesning e.l.) må du ordne og betale dette sjølv.
  • Dersom du har ønskje om å gifte deg utanfor opningstida må du betale kr. 1 000.
  • Dersom du har andre ønske utover retningslinene kan kommunen krevje gebyr tilsvarande ekstrakostnader.
 

Etter vigselen

Brudeparet vil få tilsendt midlertidig vigselsattest. Kommunen sender denne også til folkeregisteret som utstedar endeleg vigselsattest.

Om du skal endre namn som resultat av vigselen, må du ordne dette sjølv.

Søknad om å endre navn

Om du har endra namn og skal på bryllupsreise i utlandet, må du sørge for at namnet i passet stemmer med namnet på billetten. Hvis ikkje kan du få problem ved innsjekking.

Treng du nytt pass?

Ta kontakt med politiet i ditt distrikt.

Kontaktinformasjon

Informasjonssenter Rådhuset
E-post
Telefon 37 18 52 00