Åmli kommune har sett bort skatteoppkreverfunksjonen til Kemneren i Østregionen, med Tvedestrand kommune som vertskommune.
Oppgåvene som nå overførast til Skatteetaten er blant anna behandling av restskatt, skattepenger til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgiveravgift, motrekning og utleggstrekk knytta til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift. Skatteetaten får då eit heilhetlig ansvar for fastsetting, innkreving og kontroll av skattar og avgifter. Kemneren som eige kontor blir avvikla.
Kemneren i Østregionen sin siste dag med ordinær saksbehandling er 28. oktober 2020.
Frå og med måndag 2. november skal alle henvendelsar rettast til Skatteetaten.
Kontaktinformasjon til Skatteetaten
Skatteetaten har ikkje kontor i Åmli, men du kan kontakte Skatt Sør på tlf 80080000.
Skatt Sør sine nettsider