Skjenkebevilling for lukka og åpent arrangementNår treng du å søke? Du må søke om skjenkebevilling dersom: Du skal servere alkohol i eit lukka selskap som for eksempel bryllaup, jubileum eller interne arrangement i bedrifter. Til slike arrangement må du søke om ambulerande skjenkebevilling. Du leiger lokale, tek betalt for alkohol eller dersom lokalet kun har serveringsbevilling. Til slike arrangement må du søke om skjenkebevilling for ein enkelt anledning. Du skal ha eit arrangement som er åpent for publikum, i lokale utan skjenkebevilling eller utandørs på eit avgrensa område. Til slike arrangement må du søke om skjenkebevilling for ein enkelt anledning. Ambulerende skjenkebevilling For mindre lukka arrangement der gjestane er invitert på forhånd og er kjente for verten. Eksempel: jubileum, bryllup, mindre jobbfestar. Ved ambulerande skjenkebevilling er det ikkje høve til å ta betalt for alkohol, her må verten spandere. Det må søkast minimum to veker før arrangementet. Skjenkebevilling for enkeltanledning For arrangement som er åpne for alle, også om det er billettsalg/påmelding. Eksempel på arrangement: festival, offentlig arrangement, forestilling, julebord. Arrangementet kan ha varighet ein en eller eit par dagar. Det må søkast minimum fire veker før arrangementet. Kva krav må du oppfylle? Den som søker om bevilling må være over 20 år. Du må oppgi ein person som skal være ansvarleg for skjenkinga (styrar). Dersom arrangementet er stort må du og ha ein stedfortreder. Begge desse må være fylt 20 år. For styrar og stedfortreder ved enkeltanledning må kommunen innhente vandelsuttale frå politiet. Denne må vise plettfri vandel ift aktuelle lovar. Kva kostar det? Skjenkebevilling - ambulerande eller enkeltanledning Type bevilling Pris Ambulerande - pr anledning Gebyr i hht § 6-2, siste setning. i alkoholforskrifta. Enkeltanledning - under 100 deltakarar 500 Enkeltanledning - under 500 deltakarar 2 000 Enkeltanledning - over 500 deltakarar 3 500 Korleis søke? Du bruker elektronisk søknadsskjema: Søk om ambulerande skjenkebevilling eller skjenkebevilling for ein enkelt anledning Kor lang tid tar det? Behandlingstida er omtrent 3 veker. Korleis får du svar? Du får svar via digital postkasse eller epost. Lovar og forskrifter Oversikt over lovar og reglar som gjeld for serverings-, sals- og skjenkestader i Åmli Publisert 02.10.2020 10:25 Sist endra 20.06.2023 13:03