Serveringsbevilling

Når treng du serveringsbevilling?

Dersom du planlegg å starte opp med servering av mat og/eller drikke, må du ha serveringsbevilling.

Korleis få serveringsbevilling?

Dagleg leiar ved serveringsstaden må ha bestatt etablerarprøva for å kunne søke om serveringsbevilling. Bevillinga vert gitt til selskapet som eig staden.

Korleis søke?

Bruk vårt elektroniske søknadsskjema som du finn under. Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg undervegs, det er difor lurt å ha desse klare før du starter med utfylling av søknaden.

Søk om serveringsbevilling

Vedlegg til søknad:

  • Bekreftelse på bestått etablererprøve
  • Firmaattest
  • Målsatt tegning over serveringsstaden, inne og ute
  • Leigekontrakt
  • Dokumentasjon på tilsetting av dagleg leiar ved serveringsstaden
  • Kopi av melding til Mattilsynet

Kor lang tid tar det?

Søknad om serveringsbevilling skal behandlast innan 60 dagar. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og skatte- og avgiftsmyndighetene. Behandlingstida kan bli lenger dersom høyringsinstansane bruker lang tid, har merknader til søknaden eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga.

Kva kostar det?

Det er gratis å søke om serveringsbevilling.

Lovar og reglar

Regelverk for sals- og skjenkebevillingar

Kontaktinformasjon

Arnhild Smeland
Arkiv- og systemansvarlig
E-post
Telefon 37 18 52 07
Mobil 913 54 746

Oppgaver:

  • Arkivleder (Veiledning, opplæring, kontroll)
  • Systemansvarlig ephorte (utvikling, opplæring, maler)
  • Nettside og Facebook
  • Utvalgssekretær (innkalling til- og protokoll etter politiske møter, annen oppfølging)
  • Skjenke- og serveringsbevilling (behandle søknader, oppfølging etter kontroller, etablererprøve)
  • Sommerjobb for ungdom
  • Valg