Salsbevilling

Når treng du salsbevilling?

Butikkar som skal selge alkohol, må søke om salsbevilling. Salsbevilling gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol.

Bevilling vert gitt til dagligvarebutikker der hovedvekta av varesortimentet er dagligvarer.

Korleis få salsbevilling?

Bevilling blir gitt til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet. I søknaden må du gi opplysningar om staden, eigartilhøve og kven som skal være styrar og stedfortreder for bevillinga.

Korleis søke?

Du må bruke det elektroniske søknadsskjemaet det er lenke til nedanfor. Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg undervegs. Det er lurt å ha alle vedlegg klare før du skriv søknaden.

Vedlegg til søknad:

  • Firmaattest
  • Aksjeselskap må sende inn aksjeeigarbok med revisor sin bekreftelse på eigartilhøva i verksemda
  • Opplysningar om eventuelle bakenforliggande eigartilhøve
  • Leigekontrakt, framleigekontrakt eller franchiseavtale
  • Målsatt tegning over utsalgsarealet
  • Bekreftelse på at styrar og stedfortreder har bestått kunnskapsprøva
  • Eventuell kjøpekontrakt

Du finn og oversikt over alle vedlegg i søknadsskjemaet.

Søk om salsbevilling

Kor lang tid tar det?

Saksbehandlingstida er inntil tre månader frå du har sendt oss alle opplysningar og dokument vi treng. Søknaden vil bli sendt på høyring til politet og skattemyndighetene. Behandlingstida kan bli lenger dersom høyringsinstansane bruker lang tid, har merknader til søknaden eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga.

Kva kostar det?

Type bevilling Pris
Salsbevilling - minstegebyr pr år 1 540

Lovar og forskrifter

Regelverk for sals- og skjenkebevillingar

Kontaktinformasjon

Arnhild Smeland
Arkiv- og systemansvarlig
E-post
Telefon 37 18 52 07
Mobil 913 54 746

Oppgaver:

  • Arkivleder (Veiledning, opplæring, kontroll)
  • Systemansvarlig ephorte (utvikling, opplæring, maler)
  • Nettside og Facebook
  • Utvalgssekretær (innkalling til- og protokoll etter politiske møter, annen oppfølging)
  • Skjenke- og serveringsbevilling (behandle søknader, oppfølging etter kontroller, etablererprøve)
  • Sommerjobb for ungdom
  • Valg