I følge § 6-2 i alkohollova si forskrift skal det betalast eit årleg gebyr for kvar enkelt bevilling for sal av alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og for skjenking av alkoholhaldig drikk i alkoholgruppe 1, 2 og 3.
Alle skjenke- og salsstader har plikt til å oppgi si omsetning ved å sende inn omsetningsoppgåve over omsetninga for forrige år og forventa omsetning for inneverande år. Bevillingsgebyret skal fastsettast for komande kalenderår på bakgrunn av omsetningsa forrige år og opplysningar om forventa omsetning.
Vi har laga elektronisk skjema for rapportering av omsetning. Her må det også leggast ved oppgåvene frå leverandør.
Omsetningsoppgåve skal leverast så fort som mogleg, og seinast innan april kvart år.
Regelverk for sals og skjenkebevillingar