Konsekvensar ved brot på regelverk

Ved brot på alkohollova vert det tildelt prikkar

Securitas utfører sals- og skjenkekontrollar i Åmli. Dersom det etter ein kontroll er konkludert med brot på alkohollova, er vi forplikta til å vurdere tildeling av prikkar. ved alvorlege brot skal det vurderast å melde det til politiet.

Dersom du i løpet av to år får tolv prikkar, kan vi dra inn sals- eller skjenkebevillinga di i ei veke. Når bevillinga er dradd inn, kan du ikkje selge eller skjenke alkohol.

Retningslinene er veiledande. Reaksjon overfor bevillingshaver må i kvart enkelt tilfelle besluttast på grunnlag av ei konkret vurdering.

Les meir i Alkoholpolitiske retningsliner for Åmli kommune, kap 6 (PDF, 435 kB)

Kor mange prikkar som vert tildelt ved type regelbrot:

8 prikkar

  • Sal og skjenking til mindreårige
  • Brot på bistandsplikten
  • Brot på kravet om forsvarleg drift
  • Hindring av kontroll 

4 prikkar

  • Sal og skjenking til åpenbart berusa person
  • Brot på tidsbestemmelsane
  • Skjenking av sprit til person mellom 18 og 20 år
  • Brot på alderskrav til den som sel eller skjenker alkohol 

2 prikkar

  • Åpenbart påvirka person i lokalet
  • Manglar ved internkontrollsystemet
  • Manglande levering av omsetningsoppgåve
  • Manglande betaling av gebyr
  • Brot på reglar om styrar og stedfortreder
  • Gjentatt diskriminering
  • Gjentatt narkotikaomsetning

1 prikk

  • Brot på reglane om alkoholfrie alternativ
  • Brot på reglane om plassering av alkoholholdig drikk på salgsstaden
  • Brot på reglane om skjenkemengde for brennevin
  • Brot på vilkår i bevillingsvedtaket
  • Konsum av medbrakt alkohol
  • Gjester tar med alkohol ut
  • Brot på reklameforbudet

Lovar og reglar

Kontaktinformasjon

Arnhild Smeland
Arkiv- og systemansvarlig
E-post
Telefon 37 18 52 07
Mobil 913 54 746

Oppgaver:

  • Arkivleder (Veiledning, opplæring, kontroll)
  • Systemansvarlig ephorte (utvikling, opplæring, maler)
  • Nettside og Facebook
  • Utvalgssekretær (innkalling til- og protokoll etter politiske møter, annen oppfølging)
  • Skjenke- og serveringsbevilling (behandle søknader, oppfølging etter kontroller, etablererprøve)
  • Sommerjobb for ungdom
  • Valg