Kommunestyret har vedteke at det skal vere eigedomsskatt i Åmli kommune.
Det er Lov om eigedomsskatt til kommunane som fastset regelverket om eigedomsskatt. Lova seier at eigedomen sin takstverdi skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal.
Lov om eigedomsskatt til kommunane
Den alminnelege eigedomsskattesatsen for 2019 er 7 promille.
For bustader/fritidsbustader med tomt til desse, samt ubebygde tomter til dette formål, er eigedomsskattesatsen 4 promille.
Alle sjølvstendige bustaddelar skal ha eit botnfrådrag på NOK 200 000 som trekkast frå takstgrunnlaget.
Takstvedteketer for Åmli kommune gjer greie for det generelle regelverket kring eigedomsskatt i Åmli.
Takseringsreglane gjer greie for korleis sjølve takseringa vert gjennomført.
Eigedomsskattelister
Eigedomsskattelistene leggas ut til offentleg ettersyn innan 1. mars kvart år. Listene er offentlege i minst tre veker.
Klage på eiendomsskattegrunnlag
Klagefristen er seks veker etter at eiendomsskattelistene er lagt ut. I 2018 er klagefristen 12. april. Du kan klage både på gjeldande og eventuell ny/endra eigedomsskattetakst.
Betaling av eigedomsskatt
Det er grunneigar/fester som er ansvarleg for betaling av eigedomsskatten. Eigedomsskatten vert fakturert sammen med dei øvrige kommunale gebyra.
Kontaktinformasjon
Ved klage, spørsmål eller innspel om eigedomsskatt kan eigedomsskattekontoret kontaktast på følgjande måte:
Viktig
Merk alle skriftlege henvendelsar med:
- Navn
- Telefon kor vi kan treffe deg på dagtid
- Gards- og bruksnummer og/eller vegadresse