Barnehageplass

Søke om eller endre barnehageplass

Åmli kommune har felles hovedopptak av barn både for dei kommunale og den private barnehagen i kommunen.

Dersom du har plass, og vil behalde denne slik den er, treng du ikkje gjere noko.
Om du har plass, men ønskjer endring av denne skal du bruke elektronisk endringsskjema.

Etter hovudopptaket gjerast det fortløpande opptak, men då kun for dei kommunale barnehagane. Dersom du etter hovudopptak vil søke plass i privat barnehage må du ta kontakt med denne.

Du må nytte elektronisk søknadsskjema for å søke om eller endre barnehageplass (i dei kommunale barnehagane) i Åmli kommune.
Søknadsfrist er 1. mars kvart år.

Søknads-/endringsskjema

Dersom du treng hjelp til å fylle ut det elektroniske søknadskjemaet kan du få det i barnehagen, eller ved å ta kontakt med Informasjonssenteret i Rådhuset, eller på Åmli bibliotek.

Flytte barnet frå kommunal til privat barnehage, eller motsatt?

Dersom du ønskjer å flytte barnet frå kommunal til privat barnehage (eller motsatt), må du skriftleg sei opp plassen du har, og søkje om ny plass i den nye barnehagen. Du kan ikkje bruke endrefunksjonen i det elektroniske søknadsskjemaet.

Sei opp barnehageplass

Dersom du ønskjer å sei opp plassen heilt må du sende ei skriftleg oppseiing til kommunen v/styrar i den aktuelle barnehagen.

Kontaktinformasjon

Evy Margrete Sandhaug
Styrar Beverborga barnehage
E-post
Telefon 37 18 52 68
Mobil 917 08 964
Bente Rønningen Meyer
Styrar Dølemo barnehage
E-post
Telefon 37 08 10 97
Camilla Rønningen
Styrar Mosberg barnehage
E-post
Telefon 37 08 10 92