Topp 20 - fjellturar i Åmli

Løypeinformasjon og kart:

Topp 20

Den store furua, Gjøvdal

652 moh. Avstand ein veg 0,7 km. Gåtid tur-retur ca 1,5 t.

Gjevdenuten, Gjøvdal

908 moh. Avstand ein veg 3,3 km. Gåtid tur-retur ca 4 t.

Trongedalsnuten, Gjøvdal

Åmli kommunes høgaste fjell.

929 moh. Avstand ein veg 7,3 km. Gåtid tur-retur ca 9 t.

Åmlandsnapen, Gjøvdal

735 moh. Avstand ein veg 4,3 km. Gåtid tur-retur ca 4 t.

Valefjell, Bjorevja

514 moh. Avstand ein veg 3,4 km. Gåtid tur-retur ca 2,5 t.

Djupmyrknatten, Øy

502 moh. Avstand ein veg 4 km. Gåtid tur-retur ca 4 t.

Trogfjell, Åmli sentrum

430 moh. Avstand ein veg 1,6 km. Gåtid tur-retur ca 1,5 t.

Bjønnehiet, Tveitheia

374 moh. Avstand ein veg 3,5 km. Gåtid tur-retur ca 3 t.

Nonnut, Sigridnes

470moh. Avstand ein veg 3 km. Gåtid tur-retur ca 2t.

Hovdefjell, Nelaug

525 moh. Avstand ein veg 2 km. Gåtid tur-retur ca 1,5 t.

Folldalsfjell, Nelaug

220 moh. Avstand ein veg 2 km og 4 km. Gåtid tur-retur ca 0,5 og 1 t.

Blå-huken, Dølemo

595 moh. Avstand ein veg 5,3 km. Gåtid tur-retur ca 4,5 t.

Høgeknatten, Kallingsheia

702 moh. Avstand 8 km ein veg. Gåtid tur-retur ca 6 t.

Sagfjellet, Bås

458 moh. Avstand ein veg 1,4 km, rundløype 4 km. Gåtid tur-retur ca 1 t, rundløype ca 1,5 t.

Napen, Tovdal

504 moh. Avstand 1,1 km og 5km frå Hillestadheia. Gåtid tur-retur 1,5 t -4 t.

Gamle skjeggedalsvegen, Skjeggedalssida og Tovdalssida

Gamle Skjeggedalsvegen, Skjeggedalssida. 560 moh. Avstand 7km. Gåtid tur-retur ca 5,5 t.

Gamle Skjeggedalsvegen, Tovdalssida. 560 moh. Avstand 3,5 km til klippetonga. Gåtid ca 3 t til klippetong.

Lindeknuten, Tovdal

858 moh. Avstand ein veg 2,1 km. Gåtid tur-retur ca 2t.

Gussteinheia, Tovdal

707moh. Avstand ein veg 3 km. Gåtid tur-retur ca 2 t.

Gaukåsen, Tovdal

294 moh. Avstand 3,5 km rundløype. Gåtid ca 1 t.

Rjukanfossen, Tovdal

470 moh. Avstand ein veg 3 km. Gåtid tur-retur ca 2t.


På lengre turar anbefaler vi alltid at ein tek med seg kart og kompass.

NB! Alle turløypene er merka som sommarløyper.

Meir informasjon:

Ved startpunkta for dei 20 turløypene er det sett opp ei infotavle og skilt med namnet på turløypa og symbol for grad av kor vanskeleg ein antek løypa er. Turløypene er merka med blå merke i terrenget, og på toppen er det ei kasse med gjestebok inni og klippetang. Vær snill og skriv dykk inn i denne og hugs å registrere deg med klippetanga.

Dei som tar alle turane og leverer inn klippekortet er med i trekning om gåvekort.
Alle under 16 år som gjennomfører alle toppturane, og leverer inn klippekortet, får gåvekort.
Toppkort kan også sendast til Åmli turistforum ved Barbro Hillestad, Hillestad 180, 4869 Dølemo.

Kom dykk ut og gå alle Topp20! Nokon har sikkert starta tidlegare år og nå er det god grunn for å få med seg dei siste og levere inn. 

Gåvekort blir utdela i etterkant. Seinaste innlevering er 20 september. Husk namn, full adresse og alder.

Brosjyre inkl. toppkortet kan du få på følgjande stader:

Kontaktinformasjon

Karstein Vaule
Avdelingsingeniør oppmåling
E-post
Telefon 37 18 52 51
Mobil 992 11 770