Trogfjell Via Ferrataer, klatreområde, tur- og kultursti

Via Ferrataer

Via Ferrata er italiensk for «jernveg», og er ei tilrettelagt klatreløype med jerntrinn i fjellet. I tillegg er ein sikra med stålvaier langs heile klatreruta. Dette gjer det enkelt og trygt å klatre. Klatring i Via Ferrata krev likevel god fysisk form, god opplæring og godkjent klatreutstyr. Du bør ikkje ha høgdeskrekk. Nybegynnarar må alltid ha med klatreguide. Etter dette kan ein klatre sjølv på eige ansvar. Anbefalt nedre aldersgrense er 12 år i følge med vaksne.

Det er to Via Ferrataer i Trogfjell. Her får du ei fantastisk utsikt over Åmli sentrum og naturen rundt. Bruk av Via Ferraten i Trogfjell er gratis for dei som har gjennomgått opplæring.

Reglar for bruk av Trogfjell Via Ferrata:

  1. All klatring skjer på eige ansvar, sjølv når guide er med.
  2. Det skal minimum vere to klatrarar samtidig, aldri klatre alene.
  3. Via Ferrataen skal ikkje brukast utan opplæring.
  4. Alle under 18 år må klatre saman med ein vaksen.
  5. Skriv namn og tidspunkt i boka ved innsteget.
  6. Grupper skal gå med minimum ein times mellomrom.
  7. Bruk godkjent klatresele, Via Ferrata-slynge og klatrehjelm.
  8. Fest lause gjenstandar som kamera eller mobiltelefon i snor.
  9. Ikkje kast ned lause steinar, det kan vere folk under deg.
  10. Du må vere i normalt god fysisk form.
  11. Det er ikkje lov å klatre i rusa tilstand.
  12. Via Ferrataen skal ikkje brukast når det er snø og is eller i torever.

To Via Ferrataer

Det er to Via Ferrataruter i Trogfjell. Begge er skilta frå parkeringsplassen ved Elvarheim museum og langs stien opp til Trogfjell. Det er ca. 15 minutts lett gåtur frå parkeringa til starten av Via Ferrataene. Frå toppen følger ein turstien langs kanten av fjellet ned igjen.

Den eine Via Ferrataen er frå 2009, og består av 300 stigtrinn. Denne Via Ferrataen er 240 meter lang og har ca. 200 høgdemeter frå foten av Trogfjell til fløyen (vindpila) på toppen. Dette er den mest krevjande av dei to rutene. Avstanden mellom stigetrinna er tett i starten, men blir lengre etter kvart. Turen tar i gjennomsnitt 2 timar, men kan bli kortare eller lengre avhengig av fysisk form. Det er mogleg å snu etter ca. 10 meter, men etter dette må du fortsette til toppen.

Den andre Via Ferrataen er frå 2020, og består av 380 stigetrinn. Denne Via Ferrataen er 350 meter lang og har ca 200 høgdeneter frå foten av Trogfell til toppen. Denne ruta har tettare avstand mellom trina og går litt meir på skrå, og er difor noko enklare.

Klatreguide og utleige av utstyr

Du kan leige klatreutstyr og bestille klatreguide i Trogfjell.

Leige utstyr og bestille klaterguide

Du bør bestille guiding nokre dagar på forhånd.

Andre Via Ferrataer i området

Dersom du ønsker å klatre meir, er fleire fine klatremoglegheiter innanfor 1-2 timars køyretur frå Åmli.

I Brokke Setesdal finn du ein Via Ferrata: Via Ferrata Brokke 

I Hægefjell i Nissedal finn du bolta klatrerute: Via Lara

I Skredefjellet i Fyresdal finn du ein Via Ferrata: Via Ferrata Telemark 

Andre lenker hos Visit Sørlandet: Klatring på sørlandet

Bolta klatreruter i Trogfjell

For erfarne fjellklatrarar finst det også seks bolta klatreruter i Trogfjell. Her må ein ha med eige klatreutstyr og sikring. All klatring er på eige ansvar.

Trogfjell tur- og kultursti

Frå Elvarheim museum til toppen av Trogfjell går det ein tur- og kultursti med 13 poster som fortel om natur og kultur i Åmli. Du kan også svare på en quiz til kulturstien på telefonen din, og lære meir på Elvarheim museum si nettside.

Elvarheim museum si nettside

Turstien opp til toppen av Trogfjell er også en av Åmli topp 20-turer og Åmli mest besøkte turmål.

Topp 20-turar i Åmli 

Klikk for stort biletePå vei opp Trogfjell Via Ferratear - sentrum i bakgrunnen Torgeir Heldal   

Klikk for stort biletePå toppen av Trogfjell Torgeir Heldal