Turistinformasjon

Lenka til vår turistinformasjonsside er ute av drift.

Vi håper å ha dette, eller ei anna løysing, på plass i løpet av hausten/vinteren.

Inntil vidare har vi tatt inn informasjon om topp20 her:

Topp20 turar i Åmli

Ved startpunkta for dei 20 turløypene er det sett opp ei infotavle og skilt med namnet på turløypa og symbol for grad av kor vanskeleg ein antek løypa er. Turløypene er merka med raud/oransje eller blå merke i terrenget, og på toppen er det ei kasse med gjestebok inni og klippetang. Vær snill og skriv dykk inn i denne og hugs å registrere deg med klippetanga.

Dei som tar alle turane og leverer inn klippekortet vil få ei T-skjorte med Topp 20.
Toppkort kan også sendast til Åmli turistforum ved Barbro Hillestad, Hillestad 180, 4869 Dølemo.

Kom dykk ut og gå alle Topp20! Nokon har sikkert starta tidlegare år og nå er det god grunn for å få med seg dei siste og levere inn. Trekt gavepremie blant dei som leverer 20 turar.

Alle premiane blir utdela i etterkant. Seinaste innlevering er 20 september. Husk namn, full adresse og alder.

Brosjyre inkl. toppkortet kan du få på følgjande stader:

  • Ved infotavle på kvar løype
  • Åmfoss kafeteria
  • Hillestad Galleriet
  • Pan Garden
  • Vindilhytta
  • Elvarheim Museum
  • På butikkane i Tovdal, Gjøvdal og Nelaug
  • Last den ned (PDF, 2 MB) (PDF, 2 MB)

På lengre turar anbefaler vi alltid at ein tek med seg kart og kompass.

NB! Alle turløypene er merka som sommarløyper.