Sommerjobb for Åmliungdom

Åmli kommune har i ei årrekke gitt tilbod om sommerjobb til ungdom busett i kommunen. Tilbodet har variert mellom for både 16- og 17-åringar og tre vekers varighet, til berre eit kull og to vekers vargighet.
Korleis tilbodet blir for komande år avgjerast i budsjettbehandlinga i kommunestyret kvar haust.

Kriteriene for sommerjobbordninga for kvart år blir annonsert under "Aktuelt" og "Kunngjeringar og høyringar" på kommunes nettside og på kommunens facebook og kvar vår. På kommunens nettside vil også søknadsskjema for ungdom og næringsdrivande leggast ut.

Generell informasjon


Til ungdom:

  • Du må være folkeregistrert i Åmli kommune pr 1. april inneværande år, og være i rett aldersgruppe for å kvalifisere for å søke slik jobb.
  • Både kommunen og private næringsdrivande vil vere arbeidsgjevarar.
  • Kvar enkelt får tilbod om jobb i ein bestemt periode (to eller tre veker), med løn etter kommunalt avtaleverk.
  • For hovudtyngda av arbeidsoppgåvene vil arbeidsstaden og oppmøteplassen være Åmli sentrum.
  • Søknadsskjema blir lagt ut på nettsida til kommunen på våren, og må fyllast ut og sendast kommunen innan fristen, uansett om du vil at kommunen skal finne arbeidsplass til deg eller du har avtalt med ein privat/næringsdrivande.
  • Om kommunen skal finne arbeidsplass må du krysse av for ønska arbeidsoppgåver og oppgi ønska tidsrom for arbeid. Om du veit du skal på ferie el.l. er det greit du skriv tidsrom du ikkje kan arbeide i søknadsskjemaet.

Til private/næringsdrivande:

  • Åmli kommune gir eit tilskot per time til private/næringsdrivande som tilbyr ungdomar i rett aldersgruppe jobb i den bestemte perioden. Dei skal ha 37,5 t/v arbeidstid.
  • Tilskotet frå kommunen vert for forhåndsbestemt periode, sjølv om du som arbeidsgivar vel å tilby ungdommen lenger sommarjobb enn den bestemte perioden.
  • Ungdomane skal lønast etter kommunalt avtaleverk.
  • Private/næringsdrivande som ønsker å ha ungdom i sommarjobb må fylle ut søknadskjema som blir lagt ut på kommunens nettside på våren. Skjemaet må sendast til kommunen innan fristen, uansett om dei har avtalt med ungdom(-ar) eller ikkje.

Kontaktinformasjon

Arnhild Smeland
Konsulent
E-post
Telefon 91 35 47 46
Mobil 91 35 47 46
  • Arkivleder
  • Politisk sekretær
  • Valgansvarlig
  • Nettside, facebook, og elektroniske skjema
  • Skjenke-, salgs- og serveringsbevilling