Vedtak om valgjennomføring i Åmli

Valdagen for kommunestyre- og fylkestingsvalet er sett til måndag 11. september 2023. 

På denne sida vil det fortløpande bli lagt ut vedtak som fattast om valet og valavviklinga i Åmli kommune.

Valstyre

Valstyret har same politiske samansetning som formannskapet.

Les om formannskapet

Under finn du alle vedtak fatta i samband med gjennomføring av val i Åmli kommune hausten 2023.

Der kommunedirektøren sitt framlegg blir endra framgår også dette av artikkelen. Der det er samrøystes er det bare vedtaket som framgår.

Stad for mottak av førehandsrøyster blir på rådhuset. Opningstid vil følgje ordinær opningstid som er 09.00-14.00. Det skal i tillegg haldast langopent (14.00-19.00) to dagar før valet.

I tillegg vil det bli ein dag med høve til å førehandsrøyste ved Åmli pleie- og omsorgssenter.

Åmli kommune nyttar oppteljingsmåte «Sentralt fordelt på krets» for oppteljing av valtingsstemmer ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2023.

Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023 er vallokalet i sentrum (rådhuset) også opent søndag 10. september. Opningstider blir vedtatt i eigen sak.

Kontaktinformasjon

Arnhild Smeland
Konsulent
E-post
Telefon 91 35 47 46
Mobil 91 35 47 46

Oppgaver:

  • Arkivleder
  • Nettside, elektroniske skjema og Facebook
  • Politisk sekretær
  • Skjenke- og serveringsbevilling
  • Sommerjobb for ungdom
  • Valgansvarlig
Solgunn Fossli
Saksbehandlar
E-post
Telefon 48 27 80 38
Mobil 48 27 80 38

Resepsjon, sentralbord, post/arkiv, møtegodtgjørelse for folkevalgte