Høve til å tidlegstemme

Dersom du ikkje har høve til å forhåndsstemme og heller ikkje til å stemme på valdagene i Åmli, kan du ta kontakt med kommunen for å avtale tid for å avgje tidlegstemme i perioden 3. juli til 9. august.

For å bestille tid må du ringe kommunens sentralbord på tlf 37185200. Siste frist for bestilling er 5. august.

Dette gjeld altså berre om du er forhindra frå å avlegge stemme i ordinær forhåndsstemmeperiode (10. august - 8. september), eller på valdagane (10. og 11. september).

Hugs at du kan forhåndsstemme i heile norge, ikkje berre i kommunen du bur. Det er berre på valdagen at du må stemme i kommunen der du står i manntalet.

Tid og stad for å forhåndsstemme i Åmli.

Les meir om når og kor du kan stemme på valg.no sine nettsider

Kontaktinformasjon

Informasjonssenter Rådhuset
E-post
Telefon 37 18 52 00