Smittevern ved val

I år må vi ta omsyn til smittevern ved gjennomføring av valet.

Ved forhåndsstemmegivning er det ikkje spesielle smitteverntiltak ut over dei vi ellers er vant til å forholde oss til. Men du skal sjølvsagt ikkje kome dersom du er i isolasjon, karantene eller har symptom på luftveissjukdom. Vent heller til du er frisk, med mindre du då ikkje får stemt.

Dersom du vil forhåndsstemme gjer du det på rådhuset i åpningstida, eller ved Åmli pleie og omsorgssenter den dagen det er åpent for dette der.
I år oppfordrar vi til å forhåndsstemme på grunn av pandemisituasjonen!

På sjølve valdagen vil du oppleve litt fleire tiltak, mellom anna har vi eigne smittevernvakter, og noko meir merking og system ved inngang og utgang. Dersom du ikkje har stemt tidligare, og blir sjuk eller sett i karantene/isolasjon før valdagen, kan du kontakte kommunen så skal vi sørge for at du får stemt likevel. Les meir om dette under "Stemme på valdagane"

Smittevernreglar og tips for velgarar:

  • Ha klart for deg kva du skal stemme og korleis du ev. skal rette på seddelen, slik at du bruker minst mogleg tid i vallokalet
    Her finn du meir informasjon om korleis du stemmer​​​​​​​
  • Ha legitimasjon med bilde klart ved ankomst, og gjerne valkort også. Du treng berre legitimasjon med bilde for å få stemt.
  • Dersom det er stor pågang/kø skal du vente på utsida av lokalet til det er ledig, eller du blir vist inn
  • Du må halde avstand til andre - minst ein meter
  • Husk god hoste-/nysehygiene
  • Sprit hendene ved inngang til vallokale - det står spritdispenser ved inngangen
  • Følg skilting og beskjedar frå valmedarbeidarane
  • Dersom du er i isolasjon, karantene, eller har symptom på luftveissjukdom må du forhalde deg til eigne reglar - les meir under "Forhåndsstemme" eller "Stemme på valdagane"

Kontaktinformasjon

Arnhild Smeland
Arkiv- og systemansvarlig
E-post
Telefon 37 18 52 07
Mobil 913 54 746

Oppgaver:

  • Arkivleder (Veiledning, opplæring, kontroll)
  • Systemansvarlig ephorte (utvikling, opplæring, maler)
  • Nettside og Facebook
  • Utvalgssekretær (innkalling til- og protokoll etter politiske møter, annen oppfølging)
  • Skjenke- og serveringsbevilling (behandle søknader, oppfølging etter kontroller, etablererprøve)
  • Sommerjobb for ungdom
  • Valg
Solgunn Fossli
Saksbehandlar
E-post
Telefon 37 18 52 00

Resepsjon, sentralbord, post