Forhåndsstemme

I Åmli kan du forhåndsstemme på rådhuset kvar virkedag i perioden 10. august til 8. september i opningstida som er kl 09:00-14:00.

I tillegg vil vi ha langope torsdag 31. august og torsdag 7. september, i tidsromet 14:00-19:00.
Hugs å ta med legitimasjon med bilde, og gjerne valkort også.

Veiledning i korleis du stemmer, gir tilleggsstemme og/eller fører opp "slengarar"
I Åmli kan du føre opp fem "slengarar".

I forhåndsstemmeperioden kan du stemme i det forhåndsstemmelokalet du måtte ønske i heile landet. 
Det er viktig å hugse på at det ikkje er mogleg å angre på stemmegivinga si i Noreg. Det betyr at om du forhåndsstemmer, så kan du ikkje stemme på nytt, heller ikkje på valdagen.

Veljarar som er uføre eller sjuke og som ikkje kan forhåndsstemme på ordinær måte, kan søke om ambulerande stemmemottak, og få stemme heime. 
Søknad om ambulerande stemmemottak sendast: Åmli kommune, Gata 5, 4865 Åmli eller på e-post til: postmottak@amli.kommune.no, eller ved at du tek kontakt med kommunen sitt sentralbord tlf 37 18 52 00.
Slik søknad må vere mottatt av kommunen seinast 5. september.

Tysdag 5. september vil det og være forhåndsstemmemottak på Åmli pleie og omsorgssenter i tidsromet kl 10:00-12:00

Les meir om når og kor du kan stemme på valg.no sine nettsider

Dersom du ikkje har høve til å forhåndsstemme, eller stemme på valdagane, kan du søke om å stemme tidleg. Dette må gjerast seinast 5. august.

Kontaktinformasjon

Arnhild Smeland
Konsulent
E-post
Telefon 91 35 47 46
Mobil 91 35 47 46
  • Arkivleder
  • Politisk sekretær
  • Valgansvarlig
  • Nettside, facebook, og elektroniske skjema
  • Skjenke-, salgs- og serveringsbevilling
Informasjonssenter Rådhuset
E-post
Telefon 37 18 52 00