Høve til å tidlegstemme (1. juli - 9. august) - Stortingsval 2021

Har du ikkje høve til å forhåndsstemme i perioden 10. august - 10. september, og heller ikkje til å stemme på valdagene i Åmli, som er 12. og 13. september?

Då kan du ta kontakt med kommunen for å avtale tid for å avgi tidlegstemme i perioden 1. juli til 9. august. For å bestille tid må du ringe kommunens sentralbord på tlf 37185200. Siste frist for bestilling er 3. august.

Dette gjeld altså berre om du er forhindra frå å avlegge stemme i ordinær forhåndsstemmeperiode (10. august - 10. september), eller på valdagane (12. og 13. september).

Hugs at du kan forhåndsstemme i heile norge, ikkje berre i kommunen du bur. Det er berre på valdagen at du må stemme i kommunen der du står i manntalet.

Kontaktinformasjon

Informasjonssenter Rådhuset
E-post
Telefon 37 18 52 00