Stemme på valdagane

I Åmli har vi søndagsval, det vil sei at du kan stemme både søndag 12. og måndag 13. september.

På valdagen kan du berre stemme i den kommunen du er manntallsført.

Informasjon til deg som velger

Opningstider på valdagane

Søndag 12. september:

  • Kyrkjebygda: 13:00-16:00.

Måndag 13. september:

  • Kyrkjebygda: 08:00-12:00 og 15:00-20:00
  • Nelaug, Dølemo og Gjøvdal: 15:00-19:00

Oversikt over vallokala i kommunen

Dersom du er i karantene eller isolasjon på valdagen

Velger i karantene

Personar som er i karantene kan gå ut av huset så lenge ein held nødvendig avstand til andre. Å være i karantene er ikkje rettsleg til hinder for å gå ut og stemme. 

  • Ved vallokala i Åmli kan du ta kontakt med ein valmedarbeidar utanfor vallokalet og opplyse om at du er i karantene. Då vil valmedarbeidaren sørge for at to stemmemottakarar kjem ut til deg så du får avgitt stemme utanfor vallokalet.
     
  • Dersom du ikkje kan kome deg til vallokalet uten å bruke offentleg transport, kan du ta kontakt med kommunen innan kl 10.00 på valdagen, 13. september. Vi vil då kome heim til deg og ta imot stemmen din (ambulerande stemmegivning).

Velger i isolasjon på grunn av påvist Covid-19

Personar som er i isolasjon på grunn av påvist Covid-19 kan ikkje gå ut av huset.

  • Om du ikkje har stemt før, og ønsker å stemme må du ta kontakt med kommunen innan kl 10.00 på valdagen, 13. september. Vi vil då kome heim til deg å ta imot stemmen din (ambulerande stemmegivning).

Kontaktinformasjon

Arnhild Smeland
Arkiv- og systemansvarlig
E-post
Telefon 37 18 52 07
Mobil 913 54 746

Oppgaver:

  • Arkivleder (Veiledning, opplæring, kontroll)
  • Systemansvarlig ephorte (utvikling, opplæring, maler)
  • Nettside og Facebook
  • Utvalgssekretær (innkalling til- og protokoll etter politiske møter, annen oppfølging)
  • Skjenke- og serveringsbevilling (behandle søknader, oppfølging etter kontroller, etablererprøve)
  • Sommerjobb for ungdom
  • Valg
Solgunn Fossli
Saksbehandlar
E-post
Telefon 37 18 52 00

Resepsjon, sentralbord, post