ArbeidsmiljøutvaletArbeidsmiljøutvalet (AMU) er eit partssamansett utval (ikkje eit politisk utval), og skal arbeide for eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø i kommunen. Utvalet skal delta i planlegginga av verne- og miljøarbeidet i kommunen, og følgje nøye med på utviklinga av arbeidsmiljøet. I § 7-2 i arbeidsmiljølova er arbeidsmiljøutvalet sine oppgåver lista opp. Arbeidsmiljøloven Lovpålagte oppgåver Behandle spørsmål som angår bedriftshelsetenesta og verneteneste. Behandle spørsmål om opplæring og instruksjon på område som kan ha betydning for arbeidsmiljøet. Behandle planar om nye lokaler, prosessar eller ombyggingar som krev samtykke frå Arbeidstilsynet. Behandle andre planar som kan få vesentleg betydning for arbeidsmiljøet, som nye maskiner, rasjonaliseringstiltak, endringar i arbeidsprosessar og forebyggjande vernetiltak. Delta aktivt i kommunen sitt helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid. Delta i kartleggingar, utarbeidelsar av handlingsplanar og gi råd i høve til prioriteringar og tiltak. Vurdere helse- og velferdsaspekt ved arbeidstidsordningar. Gjennomgå alle rapportar om ulykker, nestenulykker og sjukdom som kan skyldast arbeidsmiljøet. Ha fokus på årsaken til hendinga og sjå til at arbeidsgjevar gjør det som er nødvendig for å hindre at det skjer igjen. Gjennomgå alle rapportar om yrkeshygieniske undersøkelsar og måleresultat. Behandle spørsmål om tilrettelegging for arbeidstakarar med redusert funksjonsevne. Utarbeide ein årsrapport om arbeidet. Medlemmar Arbeidsmiljøutvalet består av åtte medlemmar beståande av: hovedverneombud, tre representantar frå arbeidstakarorganisasjonane og tre representantar frå arbeidsgivar inkl. rådmann. Oversikt over medlemmar og varamedlemmar øte og saksdokument Publisert12.09.2018 13.08 Sist endra20.04.2020 07.21