Kontrollutvalet

Kontrollutvalet er eit obligatorisk utval som vert valt av kommunestyret for valperioden, jfr. kommunelovens §77. Kontrollutvalet har det løpande ansvaret for tilsyn og kontroll med den kommunale verksemda.

Kontrollutvalet opptrer på vegne av kommunestyret og er underlagt kommunestyret sin økonomiske og administrative styrings- og instruksjonsmynde. Utvalet sitt ansvarsområde omfattar heile den kommunale verksemda.

Ordførar, varaordførar, medlemmar av formannskapet, og kommunalt tilsette er ikkje valbare til kontrollutvalet.

 
Oversikt over medlemmar, innkallingar, protokollar og årsmeldingar finn du på Temark si nettside.
 

Temark si nettside

Møta finn stad på rådhuset og er opne for publikum. Sjå innkalling for tidspunkt.

Kontaktinformasjon

Tobias Wessel-Hansen Tangen
H
E-post
Telefon 905 81 000
Mobil 905 81 000