Ordførar for perioden 2019-2023 er Bjørn Gunnar Baas frå Senterpartiet.
Bjørn Gunnar Baas har yrkesbakgrunn frå energibransjen og har permisjon frå senioringeniørstilling i Agder Energi Nett.
Bjørn Gunnar er opptatt av at Åmli kommune skal være ein god plass å bu. Han har alltid vore engasjert i lokalt frivillig arbeid, og dette er fjerde perioden i politikken i Åmli. Tenester for barn, unge og eldre samt frivillig arbeid er noko av det han set høgt.
Om ordføraren
Ordføraren er kommunen sitt ansikt utad, og har i følge kommuneloven i oppgåve å leie møta i formannskap og kommunestyre.
Andre oppgåver er:
- Kommunen sin rettslege representant, og underskriv på vegne av kommunen, der denne myndigheten ikkje er tillagt andre.
- Har møte og talerett i alle andre kommunale organ, men bare stemmerett og forslagsrett der han er valt medlem.
- Representerer kommunen ved offisielle besøk og i andre samanhengar.
- Er bindeleddet og formidlar synspunkt mellom folkevalte og administrasjon .
- Være tilgjengeleg for kommunens innbyggjarar, foreninger og næringsliv
Publisert 07.09.2018 12:34
Sist endra 09.09.2022 08:36