Kommunedirektør

Kommunedirektøren er øvste administrative leiar for dei tilsette i kommunen.

Kommunedirektøren sine oppgåver og ansvar går fram av § 13-1 i kommunelova og av kommunen sitt delegasjonsreglement.

§13-1 i kommunelova

 

Kommunedirektøren skal sjå til at saker som vert lagt fram for folkevalte organ er forsvarleg utgreidd og at politiske vedtak vert gjennomført.

Kommunedirektøren skal syte for at administrasjonen vert dreve i samsvar med lover, forskrifter og overordna instruksar og at det er tilstrekkeleg internkontroll.

Kontaktinformasjon

Christina Ødegård
Kommunedirektør
E-post
Telefon 95 13 97 92
Mobil 95 13 97 92