Grafisk profil og logo

Åmli kommune har eigen grafisk profil som vi forsøker å bruke så gjennomført som mogleg på trykksaker, korrespondanse og internett. 
Profilen er laga av Birkeland Trykkeri, som no heiter Synkron Media

Profilmalen er retningsgivande for korleis kommunen skal bruke diverse element, kommunevåpen, fargar og skrifttyper i kommunale trykksaker, dokument, annonser og på nett m.m.

 

Kommunevåpen

Vi har fleire variantar av kommunevåpenet med visjon. Du kan sjå dei ulike variantane i profilmalen.

Slik vart motivet på kommunevåpenet valt

Det vart utlyst ein konkurranse der bygdefolket kunne kome med framlegg til kva som skulle pryde kommunevåpenet i Åmli. Dei mest aktuelle her var motiv med sag og bever. Steinbrua i sentrum var òg eit alternativ, men bru var nytta av andre kommunar og var difor uaktuelt.
Sølv bever på prosess-blå bakgrunn vart etter dette vald som kommunevåpen for Åmli kommune.

Litt om bakgrunnen for motivet

På slutten av 1800-talet var beveren nesten utrydda i Europa. I Skandinavia var det berre att ein stamme på 60-100 dyr i Agder og Telemark, med hovudtyngde i Åmli.
Etter første verdskrig auka interessa for bever ute i Europa. I Åmli fekk Sigvald Salvesen og Peder Jensen løyve til å fange og eksportere bever. Dei vart sendt til både Sverige, Finland og England, og seinare til andre europeiske land.
Aslak Harstveit tok over dette arbeidet i 1953. Det var òg han som prøvde ut den einaste fella som nå er tillate til beverfangst, for nå er beveren så talrik at ein igjen kan jakte på den. Aslak Harstveit har fått ei eiga avdeling om dette på Elvarheim Museum i Åmli sentrum.

Kontaktinformasjon

Arnhild Smeland
Arkiv- og systemansvarlig
E-post
Telefon 37 18 52 07
Mobil 913 54 746

Oppgaver:

  • Arkivleder (Veiledning, opplæring, kontroll)
  • Systemansvarlig ephorte (utvikling, opplæring, maler)
  • Nettside og Facebook
  • Utvalgssekretær (innkalling til- og protokoll etter politiske møter, annen oppfølging)
  • Skjenke- og serveringsbevilling (behandle søknader, oppfølging etter kontroller, etablererprøve)
  • Sommerjobb for ungdom
  • Valg