Sommervikar 2019 - Helse og velferd

Helse og velferd søker etter ferievikar sommeren 2019.

Vi søkjer deg som er ute etter ein spennande og meiningsfull jobb i sommer!

Vi har behov for ferievikar i tidsrommet veke 26 – 32, innan følgjande område:

  • Somatisk avdeling
  • Skjerma avdeling
  • Natt institusjon/heimesjukepleia
  • Heimesjukepleia
  • Heimehjelp
  • Kjøkken, vaskeri og reinhold
  • Legesekretær på legekontoret

Vi søkjer etter sjukepleiarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, helsefagarbeidarar, miljøarbeidarar, kokk, studentar, elevar og assistentar.

Skriv i søknaden kor du kan tenkje deg å arbeide og kor stor stilling du ønskjer. Oppgjer du fleire stadar, må du skrive dette i søknaden.

Søker du innan pleie i institusjon og i heimesjukepleien vil du ved å binde deg til 6 veker i 100% stilling dag/kveld, eller natt i 70% stilling få ein bonus på kr. 10.000,- i tillegg til tariff løn og at du arbeidar 2.kvar helg i turnus.

Som heimehjelp og legesekretær arbeidar du frå måndag til fredag.

Ved tilsetting må du legge fram politiattest.

Dei som søkjer på stilling i heimesjukepleia må ha sertifikat, søkjer du som heimehjelp må du og disponere bil.

Lønn etter tariff.

Til nyutdannet sjukepleier tilbyr Åmli kommune 8 årslønnsansiennitet.

Har du spørsmål ta kontakt med Leiar helse og velferd Laila Nylund tlf: 37185282 / 99211769, eller på  lny@amli.kommune.no

Du må nytte elektronisk søknadsskjema for å søke på stilling i Åmli kommune:

Søk på stillinga


Søker du på fleire stillingar samstundes, må du merke av alle stillingane du søker på i skjemaet. Søknadene må då prioriterast i høve til kvarandre i feltet for tilleggsopplysningar.

Søknadsfrist: 24.februar 2019.
 

Velkomen som søkar til stilling i Åmli kommune!

Elektronisk søknadsskjema

For å søke på stilling i Åmli kommune må du bruke elektronisk søknadsskjema.

Elektronisk søknadsskjema

Søkerliste og offentlighet

Når du søker på stilling i Åmli kommune er søknaden din eit offentleg dokument på lik linje med dei fleste andre kommunale dokument. Dette er stadfesta i kommunen sitt informasjonsreglement.
Vi gjer merksam på at kommunen har offentleg søkarliste som er tilgjengelig for alle, og at opplysningar frå søknadsskjemaet (CV-en) er med i utvida søkarliste som søkarar kan få på forespørsel.

Politiattest - vandelsattest

For nokre stillingar er det krav om at søkar skal levere politiattest. På nettsida til Politiet kan du lese om dette,  Her finn du og eit eige søknadsskjema.

Meir informasjon og søknad om politiattest/vandelsattest

Kontaktinformasjon

Laila Nylund
Leiar helse- og omsorg
E-post
Telefon 37 18 52 82