Prosjektplan besøksstrategi for naturreservat i Åmli kommune

Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder er i gang med utarbeide ein besøksstrategi for verneområde i Åmli kommune.

Det blir sett ned tre prosjektgrupper i Åmli kommune med grunneigarar, reiselivsaktørar og lag/organisasjonar for å gje innspel til besøksstrategien.

Åmli kommune har i dag 16 naturreservat, med eit samla areal på ca. 90 000 dekar. To av reservata har myr som verneføremål, medan resten er skogreservat. Fylkesmannen i Aust- og Vest Agder er forvaltingsstyresmakt for alle verneområda i kommunen. Naturreservat er den strengaste forma for områdevern etter naturmangfaldlova. Dette er område som inneheld truga, sjeldan eller sårbar natur, representerer ein bestemt naturtype, er særleg viktig for biologisk mangfald, utgjer ei spesiell geologisk førekomst eller har særskilt naturvitskapleg verdi.

Besøksstrategien skal:

  • Bidra til gode opplevingar for den besøkande
  • Bidra til lokal verdiskaping
  • Bidra til å ta vare på og auke verneverdiane

Prosjektplan - besøksstrategi (PDF, 1013 kB)

Ta kontakt med Aslak Lunden Gotehus ved Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder på fmavago@fylkesmannen.no eller Tonje Ramse Trædal i Åmli kommune på tonje.ramse.traedal@amli.kommune.no dersom du har spørsmål til arbeidet med besøksstrategien.

Kontaktinformasjon

Tonje Ramse Trædal
Rådgjevar/kulturskulerektor
E-post
Telefon 37 18 52 64
Mobil 926 29 512