Kunngjering: Kommunedirektøren sitt framlegg til Handlingsprogram og økonomiplan 2022-2025 - Årsbudsjett 2022

Kommunedirektøren sitt framlegg til Handlingsprogram og økonomiplan 2022-2025 - Årsbudsjett 2022 blei 11. november presentert for kommunestyret i Åmli kommune. Presentasjonen blei sendt direkte, og kan (frå fredag 12. november) sjåast i opptak under "KommuneTV" på vår nettside.

Budsjettet skal behandlast i alle utval 22., 23. og 29. november. Også i formannskapet som skal gi innstilling til endeleg behandling i kommunestyret 16. desember.

Dersom nokon har innspill til budsjettsakene må desse være sendt til kommunen innan 6. desember, om dei skal bli med sakene til endeleg behandling i kommunestyret. Slike innspill sendast til post@amli.kommune.no 

NB: Nokre feil i tiltaksoversikten blei retta 14.11.

Kontaktinformasjon

Christina Ødegård
Kommunedirektør
E-post
Telefon 37 18 52 03
Mobil 951 39 792
Vidar Kyrdalen
Økonomisjef
E-post
Telefon 37 18 52 12
Mobil 952 72 760