Trongedalsnuten, Gjøvdal - 929 moh

KREVENDE - Klikk for stort bileteKREVENDE 6 km ein veg / gåtid 9 timar tur/retur.
Trongedalsnuten er den høgaste toppen i Åmli kommune.

Tilkomst:
Køyr til Gjøvdal, og ca 35 km oppover dalen til du kjem til Smelandsfjella.

Parkering:
Langs fylkesveg ved infotavla til Trongedalsnuten og langs sidevegen som kryssar elva. I barmarkssesongen kan du køyre inn sidevegen og parkere i enden av vegen. Ikkje parker slik at du hindrar trafikk på vegen.

NB! Ved kraftig nedbør kan vatnet stige ganske høgt over sementbrua i løpet av få timar.

Turen:
Følg merking frå enden av grusvegen opp fjellet.
Delar av oppstigninga vil grunna svafjella/terrenget, vere svært glatt i regnver. Det er wire til å halde seg i langs den aller brattaste oppstigninga.
Etter eit stykke deler løypa seg i to alternative løyper til toppen. Sjå kart.
Postkasse med klippetang på varden.

Kartlink (PDF, 3 MB)

Løypefadder:
Gjøvdal Friluftslag, tlf: 90 66 64 30

Trongedalsnuten - Klikk for stort bilete Åmli kommune

Sist endra 06.05.2016

Årlege arrangement i Åmli:

Festivalar/arrangement HeimoverFiskefestivalToppÅmli dagenGjøvdalsdagenDølemomarknaden
Login for redigering Login for redigering