Skjeggedalsvegen, Tovdal - 560 moh

LITT KREVENDE - Klikk for stort bileteLITT KREVENDE 7 km ein veg / gåtid ca 5.5 t tur/retur heilt ned til nabodalen
NB: Ca 3 t tur/retur til klippetanga

Tilkomst:
Løypa har to startpunkt. Enten frå Tveit i Tovdal eller frå Nedre Skjeggedal.

Frå Tveit i Tovdal:
Køyr frå Dølemo mot Tovdal, forbi butikken, sving av til venstre ved skiltet Tveit. Køyr
inn grusvegen forbi to gardar. 
Køyr gjennom tunet til du ser ei infotavle og parker her.
Følg merka løype.

Frå Nedre Skjeggedal:
Ta av på Rv 42 mellom Evje og Arendal mot Skjeggedal/Risdal. Følg vegen til Skjeggedal ca 11 km frå Risdal. Infotavle og parkering på venstre hand ved ein raud garasje.

Løypa startar på den andre sida av vegen ved ein liten raud garasje og er merka med raudt.

Turløype følgjer den gamle ferdselsvegen mellom Tovdal og Skjeggedal.
Gjestebok og klippetang i postkasse på eit tre i grensa/oppå fjellet mellom Skjeggedal og Tovdal.

Kartlink (PDF, 3 MB)

Løypefadder:
Liv Ann Skjeggedal, tlf: 91 73 75 07 og Anne Lise S. Sandes, tlf: 95 20 67 80

Gamle Skjeggedalsvegen - Klikk for stort bilete

Sist endra 06.05.2016

Årlege arrangement i Åmli:

Festivalar/arrangement HeimoverFiskefestivalToppÅmli dagenGjøvdalsdagenDølemomarknaden
Login for redigering Login for redigering