Sagfjellet, Bås (Dølemo) - 458 moh

MIDDELS - Klikk for stort bileteMIDDELS 1,4 km ein veg, 4 km rundløype / gåtid 1 t tur/retur, 1,5 t rundløype.

Tilkomst:
Køyr Rv. 41 til Dølemo, følg skilt mot Tovdal, sving av til Evje ved garden Bås, følg Fv. 413 til Koppsåna kulturminne.

Parkering:
Parkering, langs grusvegen etter infotavla til Sagfjellet.

Turen:
Løypa er merka med gule og deretter raude merke.
Løypa går innover skogen ca. 500 m før den delar seg i ei rundløype. Det er naturleg å gå til høgre opp det bratte fjellet. Ein bør ikkje gå ned den bratte løypa sjølv om det er tau visse stader.

På toppen er det ei fin trekasse med klippetang og gjestebok på eit tre.

Vidare går løypa i ei sløyfe på fjellplatået for så å ta ein lettare trasè ned til Koppsåna og følger denne elva tilbake til der løypa delar seg.

Fint å raste ved Koppsåna kulturminne.

Kartlink (PDF, 5 MB)

Løypefadder:
Leif Helge Skjelbred-Lahn, tlf: 91 41 71 61

Sagfjellet - Klikk for stort bilete

Sist endra 06.05.2016
Fant du det du leita etter?

Årlege arrangement i Åmli:

Festivalar/arrangement HeimoverFiskefestivalToppÅmli dagenGjøvdalsdagenDølemomarknaden
Login for redigering Login for redigering