Nonnut, Sigridnes - 470 moh

LITT KREVENDE - Klikk for stort bileteLITT KREVENDE 3,5 km ein veg, 6,5 km tur/retur med rundløype / gåtid 2 t tur/retur

Tilkomst:
Ta av frå Rv 41 mellom Dølemo og Åmli til Sigridnes og Åmli naturcamp. Køyr forbi naturcampen
og bustadhusa på Sigridnes og fortsett forbi bomveg (ope 15.05 – 20.09) til infotavla med parkering. Det er ca. 5 km frå hovudvegen.

Parkering:
Ved infotavla.

Turen:
Løypa følger først ein skogsbilveg 100 m og fortsetter på merka sti opp lia til den igjen møter skogsbilvegen. Følg skogsbilvegen ca 600m, ta inn på sti og følg denne til Nilses Kvileplass. Her deler løypa seg og går i ei rundløype om toppen. På toppen er det varde, gjestebok og klippetang i postkasse på eit tre ved sida av varden. På veg nedover ser ein Tveitgardane og Tverrstøyl.

Sommaren 2016 blir det anleggsarbeid på skogsbilvegen, det kan medføre at vegen ikkje er køyrbar med bil. Det blir sett opp skilt ved riksvegen som varslar om dette.
 

KartlinkKartlink (PDF, 2 MB)

Løypefadder:
Marit Kleivene, tlf: 90 66 29 89

Nonnut - Klikk for stort bilete

Sist endra 06.05.2016

Årlege arrangement i Åmli:

Festivalar/arrangement HeimoverFiskefestivalToppÅmli dagenGjøvdalsdagenDølemomarknaden
Login for redigering Login for redigering