Lindeknuten, Tovdal - 858 moh

MIDDELS - Klikk for stort bileteMIDDELS 2,5 km ein veg / gåtid ca 2 t tur/retur.
På Hillestadheia er det eit godt løypenett . Det er utgangspunkt for Lindeknuten, Napen og Gussteinheia.

Atkomst:
Køyr Rv. 41 til Dølemo, følg skilt mot Tovdal/Hillestadgalleriet.

Turen:

Alt. 1:
Køyr forbi Hillestad Galleri ca. 1 km, ta til høgre ved skilt Hillestadheia. Ca. 5,5 km lang veg (betalveg) til stor parkeringsplass. Her er toalett og infotavle med kart over løypenett og skiløyper på toppen. Løypa starter i nordre enden av parkeringsplassen, ta til høgre ved lita bu og følg stien over bekken og inn i traseen for skiløypa. Følg skiløypa ca 1 km. Ved ein skarp sving i skiløypetraseen tar løypa av mot høgre og følger deretter dei gamle stikkene.

Alt. 2:
Parkering ved Hillestad Galleri, følg merking bak galleriet og opp heia til ein kjem inn på løypa for alt. 1.
Det er svært bratt opp heia. Ein krysser også løypa ut til Napen undervegs.

På toppen av Lindeknuten er det ein militærbunkers og ein varde med gjestebok og klippetang i postkasse.

Kartlink (PDF, 2 MB)

Løypefadder:
Barbro Hillestad, tlf: 97 04 05 53

Lindeknuten - Klikk for stort bilete Øyvind Berg

 

Sist endra 06.05.2016
Fant du det du leita etter?

Årlege arrangement i Åmli:

Festivalar/arrangement HeimoverFiskefestivalToppÅmli dagenGjøvdalsdagenDølemomarknaden
Login for redigering Login for redigering