Høgeknatten, Dølemo - 702 moh

KREVENDE - Klikk for stort bileteKREVENDE 9 km ein veg / 6 t tur/retur

Tilkomst/parkering:
Følg Rv 41 til Dølemo. Parkering ca. 300 frå Dølemokrysset mot Åmli ved infotavle for Høgeknatten, Blåhuken og Skarsvassbu ved hovudvegen. Her startar Turistforeninga sitt løypenett nordover mot Setesdal austhei. 

Turen:
Følg merkinga til Turistforeninga nordover ca. 9 km, raud merking.
Her er det skilta ein avstikkar til Høgeknatten ca. 250 m. Ein passerer avstikkaren til Blåhuken undervegs.

Ein varde i tre på toppen med postkasse, gjestebok og klippetang.

Turen passar både vinter og sommar.

Kartlink (PDF, 3 MB)

Løypefadder:
Jens Magne Føreland, tlf: 90 17 74 30.

Hogeknatten - Klikk for stort bilete

Sist endra 06.05.2016

Årlege arrangement i Åmli:

Festivalar/arrangement HeimoverFiskefestivalToppÅmli dagenGjøvdalsdagenDølemomarknaden
Login for redigering Login for redigering