Gjevdenuten, Gjøvdal - 908 moh

LITT KREVENDE - Klikk for stort bileteLITT KREVENDE 3 km ein veg / om lag 4 timer tur/retur.

Tilkomst:
Køyr til Gjøvdal, ca 40 km frå Åmli sentrum, til du ser DNT-skilt med turløype Mjåvasshytta.

Parkering:
Parker langs vegen (Fv271) på sida mot vatnet.

Turen:
Herifrå følgjer du Turistforeninga si løype mot Mjåvasshytta. Ca 400 m stigning. På toppen, ca 400 m før Mjåvasshytta, deler løypa seg og du følger blå merking til høgre mot Gjevdenuten.

Postkasse med klippetang finst på toppen.

På vegen opp er det og merka avstikkar til Mjåvassnipa på 912 moh. Dette er ein spektakulær liten topp med ein loddrett fjellvegg i enden, og absolutt verdt eit besøk.
Det tek berre 10-20 min å gå opp her frå løypa. Blå merke.

Kartlink (PDF, 2 MB)

Løypefadder:
Gjøvdal Friluftslag, tlf: 90 66 64 30.

Gjevdenuten - Klikk for stort bilete

Sist endra 06.05.2016
Fant du det du leita etter?

Årlege arrangement i Åmli:

Festivalar/arrangement HeimoverFiskefestivalToppÅmli dagenGjøvdalsdagenDølemomarknaden
Login for redigering Login for redigering