Folldalsfjell, Nelaug - 220 moh

LETT - Klikk for stort bileteLETT Kort løype: 2 km ein veg / 30 min tur/retur
Lang løype: 4 km ein veg / 1 t tur/retur

Tilkomst/parkering:
Frå Fv. 415 følg Fv 412 til Nelaug stasjon og ta til høgre og køyr ca 200 m mot Gamle Nelaug.
Parkering og infotavle på industritomt.

Turen:
Løypa følger vegen opp i hyttefeltet til toppen av Nelaugfosslia der den går inn på stien mellom Nelaug og Øynes og følger denne austover til utsiktspunktet ved Folldalsfjell.
Her er postkassa med gjestebok og klippetang.

Vidare kan ein gå ned Folldalsfjell forholdsvis direkte tilbake til start, eller ein kan ta ein lang runde over Folldalsheia og kome ut heilt i austre ende av jernbanestasjonen og følgje vegen langs jernbanen attende til utgangspunktet.

Løypene er merka med blå trekantskilt

Kartlink (PDF, 2 MB)

Løypefadder:
Nelaug Vel, tlf: 91 15 76 99

Folldalsfjell - Klikk for stort bilete

Sist endra 02.05.2016

Årlege arrangement i Åmli:

Festivalar/arrangement HeimoverFiskefestivalToppÅmli dagenGjøvdalsdagenDølemomarknaden
Login for redigering Login for redigering