Topp 20 - vandring

Ved startpunkta for dei 20 turløypene er det sett opp ei infotavle og skilt med namnet på turløypa og symbol for grad av kor vanskeleg ein antek løypa er. Turløypene er merka med raud/oransje eller blå merke i terrenget, og på toppen er det ei kasse med gjestebok inni og klippetang. Vær snill og skriv dykk inn i denne og hugs å registrere deg med klippetanga.

NEDERST FINN DU LENKE TIL BESKRIVELSE OG KART FOR ALLE TURANE.

Dei som tar alle turane og leverer inn klippekortet vil få ei T-skjorte med Topp 20.
Toppkort kan også sendast til Åmli turistforum ved Barbro Hillestad, Hillestad 180, 4869 Dølemo.

Kom dykk ut og gå alle Topp20! Nokon har sikkert starta tidlegare år og nå er det god grunn for å få med seg dei siste og levere inn. Trekt gavepremie blant dei som leverer 20 turar.

Alle premiane blir utdela i etterkant. Seinaste innlevering er 20 september. Husk namn, full adresse og alder.
 

Brosjyre inkl. toppkortet kan du få på følgjande stader:Topp20-brosjyre 2013 - Klikk for stort bilete

  • Ved infotavle på kvar løype
  • Åmfoss kafeteria
  • Hillestad Galleriet
  • Pan Garden
  • Vindilhytta
  • Elvarheim Museum
  • På butikkane i Tovdal, Gjøvdal og Nelaug
  • Last den ned (PDF, 2 MB)

På lengre turar anbefaler vi alltid at ein tek med seg kart og kompass.
NB! Alle turløypene er merka som sommarløyper.

TellTur - registrer turen, eller finn tur

Fare for skogbrann

Frå 15. april til 15. september er det forbode å gjere opp bål (eld) i eller i nærleiken av skogsmark.
Tlf brannvesen: 110

Bandtvang

Hundar skal vere i band i perioden 1.april til 20.august. Laushundar kan avlivast på staden dersom dei jagar vilt eller husdyr. Tlf viltnemnda: 916 70 010

Elgjakt

Frå og med 25. september blir det jakta elg i store delar av turområda. Det oppmodast om å take omsyn til dette og om mogleg legge turen til anna tidspunkt enn dei 2 fyrste vekene etter jaktstart.

Respekter ver og vind

Kle deg etter forholda og husk at veret kan vere vanskeleg å spå. Ta alltid med ekstra tøy og ver nøye med fottøyet.

Åmli + Sørlandet = God tur!

 
LETT - Klikk for stort bileteLETT LITT KREVANDE - Klikk for stort bileteLITT KREVANDE KREVANDE - Klikk for stort bileteKREVANDE
Sist endra 06.05.2016
MIDDELS

Århuskleiva til Bjønnehiet: 3.5 km en vei / gåtid ca. 3 t tur/retur
Pan Garden til Bjønnehiet: 6.5 km en vei / gåtid ca. 4,5 t tur/retur

 

MIDDELS

5 km ein veg / gåtid ca 4,5 t tur/retur.

MIDDELS

1 km ein veg, gåtid ca 1,5 t tur/retur.

MIDDELS

3 km ein veg / gåtid 4 t tur/retur.

 

ENKEL

Kort løype: 2 km ein veg / 30 min tur/retur
Lang løype: 4 km ein veg / 1 t tur/retur

ENKEL

3,5 km rundløype / gåtid 1 time.

MIDDELS

3 km ein veg / om lag 4 timer tur/retur.

ENKEL

3 km ein veg / gåtid 2 t tur/retur 

ENKEL

2,4 km ein veg / gåtid ca 1,5 t tur/retur

KREVENDE

9 km ein veg / 6 t tur/retur

MIDDELS

2,5 km ein veg / gåtid ca 2 t tur/retur.
På Hillestadheia er det eit godt løypenett . Det er utgangspunkt for Lindeknuten, Napen og Gussteinheia.

MIDDELS

2 km ein veg / gåtid ca 1,5 t tur/retur

MIDDELS

3,5 km ein veg, 6,5 km tur/retur med rundløype / gåtid 2 t tur/retur

ENKEL

3 km ein veg / gåtid ca 2 t tur/retur
 

MIDDELS

1,4 km ein veg, 4 km rundløype / gåtid 1 t tur/retur, 1,5 t rundløype.

MIDDELS

7 km ein veg / gåtid ca 5.5 t tur/retur heilt ned til nabodalen
NB: Ca 3 t tur/retur til klippetanga

MIDDELS

1,6 km ein veg / gåtid ca 1,5 t tur/retur.

KREVENDE

6 km ein veg / gåtid 9 timar tur/retur.
Trongedalsnuten er den høgaste toppen i Åmli kommune.

MIDDELS

Ca 2,5 km ein veg, 2.5 t tur/retur

MIDDELS

3 km ein veg / ca 4 t tur/retur

 

Årlege arrangement i Åmli:

Festivalar/arrangement HeimoverFiskefestivalToppÅmli dagenGjøvdalsdagenDølemomarknaden
Login for redigering Login for redigering