Koppsåna kulturminne

Vest for garden Baas 5 km frå Dølemo ligg Koppsåna, som er ein del av eit sidevassdrag til Tovdalselva. Tett attmed vegen vil du sjå eit damanlegg med skådammar for fløyting, vassrenner for kvern og sag, sag med materialbu, samt eit kvernhus.

Koppsåna kulturminne - Klikk for stort bilete

Anlegget var bygd i 1880-åra, dei gylne åra innan skipsfartsnæringa på Sørlandet. Tømmer frå dei indre bygder var ein viktig eksportartikkel, og innlandstømmeret var godt eigna som virke for bygging av seglskuter. Tømmer herfrå vart kjøpt opp av trelasthandlarar i m.a. Kristiansand.

Damanlegga og dei utbygde skådammane skulle gjere fløytinga i elva lettare, men også skaffe rikeleg med vatn til kverna/saga utanom flaumtidene.

Siste gong det vart fløyta tømmer her var i 1950-åra. Kverna var sist nytta ein gong under 2. verdskrigen. Saga gjekk ut av bruk om lag 1930.

Stiftinga Koppsåna Kulturminne har ansvaret for forvaltninga av dette anlegget.

Koppsåna kulturminne - oversikt - Klikk for stort bilete

Sist endra 07.07.2014

Årlege arrangement i Åmli:

Festivalar/arrangement HeimoverFiskefestivalToppÅmli dagenGjøvdalsdagenDølemomarknaden
Login for redigering Login for redigering