Flatlandsmoen

Nord for Jørundland i Gjøvdal (25 km frå Åmli sentrum) ligg restane etter eit gardsanlegg frå folkevandringstida (400-600 e. Kr.). Garden har lege urørt sidan han blei fråflytta ein gong i mellomalderen.

Her er murar med ulike bygningar, gravhaugar og blesergroper til jarnvinneanlegg. Folk her har livnært seg av åkerbruk og husdyrhald. I utmarka var jakt og fangst viktig.

I følgje ei gammal segn skal det ha kome eit vilt røvarfolk ned frå heiane som gjekk til åtak på garden, overfall og drap folket og brende husa.

Karl Vibe-Müller ved Universitetet i Oslo gjorde ei arkeologisk undersøking her i 1969. Det vart funne jarnreiskapar, ard og bryne, forutan bronseklumpar og jarnslagg. Jarnet vart utvunne i Sinderbakken, som ligg på stien opp mot Hestskardheia nordaust for gardsanlegget.

På denne tida var bålferd og gravlegging under flat mark vanleg gravskikk. Dei store haugane var arbeidskrevjande å bygge, og kom nok stort sett berre samfunnets elite til gode. Gravsteinane verna om dei jordiske restane etter den avdøde.

Flatlandsmoen - Klikk for stort bilete

Sist endra 07.07.2014
Fant du det du leita etter?

Årlege arrangement i Åmli:

Festivalar/arrangement HeimoverFiskefestivalToppÅmli dagenGjøvdalsdagenDølemomarknaden
Login for redigering Login for redigering