Trogfjellstigen

Trogfjellstigen er ein kultursti som startar ved Elvarheim museum og følgjer turløypa oppover til Timmeråsen mot Trogfjell. Gjennom 13 postar langs stien får du kjennskap til Åmli sin kultur, natur og historie. Tekstane er på norsk, men på Elvarheim museum får du brosjyrer med omsetting til tysk og engelsk.

Ved sida av Åmfoss bru er vel Trogfjell det som særmerker Åmli mest. Namnet Trogfjell trur ein heng saman med segna om Trollkjerringa som akar ned for bratthenget i eit bakstetrog. Det kan også kome av sjølve forma på fjellet.

Topografisk markerer Trogfjell inngangen til Telemark, med sine bratte, blankskurte fjellsider.

Frå århundreskiftet og fram til etter siste krig var St. Hansfeiring ein fast tradisjon på Trogfjell. Eit par hundre menneske kunne vere samla ved Stemmetjønn, og hornmusikken spela opp til fest. Også ved påsketider var dette eit populært område å ferdast i.

På 1950-talet vart det lagt til rette for fotturar. Trappetrinn og jarnpålar med ståltau i bratthenga, steinbru over Stemmetjønnbekken, benkar og bord m.m. gav området eit meir parkmessig preg. Turen er i dag ei av løypene i Topp 20-brosjyra.

Nede på Timmeråsen finst der fleire kulturminne som du vil få vite meir om langs kulturstien.

Avstanden til toppen er om lag 2 km. Og høgdeskilnaden er snaut 300 meter. Løypa er ikkje brattare enn at dei fleste vil kunne spasere heilt til topps.

Oppe på Trogfjell er det også fleire sittebenkar, der du kan nyte ein fantastisk utsikt. Timmeråsen er kommunalt friområde, medan Trogfjellplatået er definert som statleg friulftsområde under Miljøverdepartementet.

Utsikt fra Trogfjell - Klikk for stort bilete Svein Mortensen

Sist endra 07.07.2014
Fant du det du leita etter?

Årlege arrangement i Åmli:

Festivalar/arrangement HeimoverFiskefestivalToppÅmli dagenGjøvdalsdagenDølemomarknaden
Login for redigering Login for redigering